Sideblikk
Bunden av dei gode rådgivarane
Den politiske respekten for Forvaltninga skal vera stor, men er av og til overdriven.
Trygve Slagsvold Vedum på trappene i Finansdepartementet.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Det er som det skal vera at regjeringa lyttar til den kunnige Forvaltninga, særleg det overordna Finansdepartementet (FIN). Partileiar Vedum måtte rimelegvis revidera seg då han blei finansminister og lét seg omfamna som urokkeleg talsmann for tal og prognosar frå hertuginnene i departementet.
STØRE OG VEDUM TOK tidleg på seg den politiske børa det var å vera føre var for å skapa krisestemning og dugnadsånd. Det ville bli ein kald vinter med stramt statsbudsjett, mindre oljepengar og innstramming over heile fjøla: Me står her og kan ikkje anna, for det er krig og dyrtid, og elles ville prisar og renter stiga endå meir. I Vedums bilde kunne folk flest falla ned frå den smale Besseggen dei må over.
Bodskapen blei spreidd som faste talepunkt og absolutt sanning til alle statsrådar og andre på uriaspostar som skulle forsvara eller tilpassa seg upopulære sparetiltak og nedskjeringar frå regjeringa. Det blei deira paradigme.
EIN DRYG MÅNAD etter at statsbudsjettet blei vedtatt, gjorde Vedum kuvending frå den kursen han hadde låst eg fast til for ikkje å la seg forvirra av sirenene: Verknaden av tilstrammingane blei kraftigare enn regjeringa hadde rekna med. I revidert statsbudsjett til våren, når Finansdepartementet har rekna inn lønnsoppgjer og faktisk prisstiging, kjem det derfor så mange ekstra milliardar at det ikkje blir mindre aktivitet enn tenkt.
Dette har vore ein lenge varsla bom, for andre kunnskapsbankar hadde andre inflasjonstal enn dei Finansdepartementet styrte etter i budsjettprosessen. Men det skal vaktsjef Vedum ha, der han manøvrerte i økonomisk ruskevêr og usikkert farvatn med forvirrande lys: I motsetnad til vaktsjefen på fregatten «Helge Ingstad» tok han nye signal og la om i siste liten.
Vedum har skaffa seg eit pusterom. Men det er vanskeleg å forstå at regjeringa ville seg så vondt og plaga så mange så lenge. Kan det vera overdriven tru på og respekt for Forvaltningas rytme og visdom? Og størst av alt: Kjærleiken til dei vise og einøygde i Finansdepartementet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.