JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bu i ei øskje

Hyblifisering vert meir og meir vanleg i norske byar. No vil regjeringa ta grep.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1993 vart denne gamle kornsiloen i Oslo omregulert til studenthyblar. Dei siste åra har bustadspekulantar i stadig større grad freista å gjere det same i små husvære rundt om i norske byar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

3091
20190531
3091
20190531

Med Macen på fanget sit eg i husværet eg må flytte ut av om få månader. Eg blar kvilelaust nedover utleigenettside etter utleigenettside.

«Jeg leier ut et rom i en leilighet der jeg selv har seng på stua», tikkar det inn i innboksen.

Er eg interessert, vil personen vite. Han skal ha 7000 kroner i månaden for rommet.

Eg blar vidare og lærer at «rom i bufellesskap» rett som det er tyder åtte soverom på i snitt ni kvadratmeter kvar, eit kjøken og eit bad på deling. To bad om ein er heldig. Åtte soverom i eitt husvære og ikkje ein einaste felles sofa å krangle om, tenkjer eg og stryk handa bortover sofaen eg no deler med éin person. Prisen ligg ein stad mellom 6000 og 8000 kroner i månaden.

Førre helg melde Klassekampen om eit familiehusvære på Frogner med to soverom og tre stover som har vorte til ti hyblar som måler mellom seks og ti kvadratmeter, til 7700 kroner i månaden. Husværet er det tidlegare bystyrepolitikar Nordan Helland som eig. Fleire naboar melder om støy og hyppig utskifting av leigetakarar, og dei meiner at hyblifiseringa øydelegg infrastrukturen. Planløysinga er heller ikkje forsvarleg når det gjeld brannsikring og rømmingsvegar, melder Plan- og byggjeetaten. Etter fleire naboklager har etaten vedteke tvangsmulkt. Men huseigaren ser ikkje problemet.

– Dersom eg måtte minske buutgiftene mine kraftig, kunne eg godt ha budd her, svara han Klassekampen.

Helland skriv til avisa at han er stolt over å leggje til rette for bustader av god kvalitet for folk med dårleg råd.

Bryna mine klarer ikkje avgjere om dei skal trekkje seg saman eller forsvinne opp i hårfestet. Tett under 8000 i månaden, i nokre høve over 1000 kroner per kvadratmeter, og to bad på deling med ni andre, har altså vorte billeg. Kan ein då framleis skulde på at det er leigetakarane som er fine på det og vil ha gangavstand til sentrum framfor leveleg areal heime? Frå den marineblå sofaen i Oslo lengtar eg nesten etter dei 13 kvadratmetrane eg leigde for 3000 kroner i månaden, med eige bad, i Volda.

Tidlegare i mai melde regjeringa at dei vil stramme inn regelverket i plan- og byggjelova, nett for å hindre at store husvære vert til bitte små hyblar. Sameiga må mellom anna i fleirtal gje samtykke til slik ombygging. For hyblifiseringa vert meir og meir vanleg i alle dei største byane i Noreg, ifølgje NRK i 2018. Og Statistisk sentralbyrå viser ein nedgang i talet på dei som eig sin eigen bustad.

Eg kjenner at eg vert uroa for mi eiga framtid som leigetakar. Må eg finne meg i å betale 1000 kroner per kvadratmeter fordi eg ikkje ønskjer å bruke to timar dagen på å reise med kollektivtransport? For sjølv om ein får redusert talet på hybelkollektiv, er det ikkje sjølvsagt at leigeprisen går ned. Men, tenkjer eg, eg skal heller betale 8000 kroner for å dele eit heilt husvære med nokon, enn å bu i ei øskje til den same prisen.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Åtte soverom i eitt husvære og ikkje ein einaste felles sofa å krangle om.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis