Sideblikk

Brotsverk og straff på Stortinget

Carl I. Hagen har eit mangslunge politisk liv. På overtid har han stått opp frå dei skindaude.

Mazyar Keshvari (t.v.), Carl I. Hagen og Sylvi Listhaug under fylkesårsmøtet i Oslo Frp på Håndverkeren i Oslo i 2014.
Mazyar Keshvari (t.v.), Carl I. Hagen og Sylvi Listhaug under fylkesårsmøtet i Oslo Frp på Håndverkeren i Oslo i 2014.
Publisert

CARL I. HAGEN er ryddig på forretningsorden og prinsipp så lenge han har føremon av det. Etter at han lét seg pensjonera med 66 prosent av stortingslønna, gjekk han til sak mot staten om pensjonsreforma fordi også stortingspensjonen blei regulert i takt med den allmenne lønnsauken, minus 0,75 prosent. Han hevda at det var grunnlovsstridig å gje ei lov tilbakeverkande kraft ut frå såkalla samfunnsmessige heilskapsvurderingar, men han tapte heilt opp til Høgsterett.

Då Hagen sakna seg sjølv i politikken, stilte han som ordførarkandidat i Oslo. Då han ikkje nådde fram, fekk han dei trufaste til å plassera seg så høgt på Framstegspartiets liste at han blei andre vara til Stortinget. Men eldrestatsråd blei han ikkje.

Då han ønskte seg plass i Nobelkomiteen, ville han ofra vervet som vararepresentant, men fekk ikkje fritak. Det er vanskeleg dersom ein ikkje blir diplomat eller går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa, eller som det heiter i Grunnlova paragraf 85: «Den som lyder eit påbod som har som føremål å skiple fridommen og tryggleiken til Stortinget, gjer seg skuldig i svik mot fedrelandet.»

PÅ OVERTID har gamlekongen i Framstegspartiet, som hadde innstilt seg på Nav-finansiert langtidsopphald i Torrevika i Spania, likevel hamna på Stortinget att, som vara for den bedrageridømde Mazyar Keshvari, som er vara for Siv Jensen så lenge ho er statsråd.

Hagen blir sitjande på Stortinget så lenge Keshvari står sjukemeld i soningskø eller sit inne. Han får ikkje stortingslønn i soningstida – det har presidentskapet salomonisk bestemt. Byråsjefen lurer forresten på om Stortinget har same ordning som staten og universiteta: Dei som har gått av med pensjon, kan halda fram med å ta oppdrag, men då til samordna og vesal pensjonistbetaling.

Når Keshvari kjem ut att, har han rett og plikt til å møta på Stortinget. Ettersom han som angrande syndar har blitt pressa til å melda seg ut av Framstegspartiet frivillig, blir det som uavhengig representant. Då får Stortinget to einmannsgrupper med krav på ein halv million i støtte: Den andre er Ulf Leirstein som hoppa av Framstegspartiet etter lugubre seksuelle initiativ.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement