Britar i lås

Det er vanskeleg å ta noko som helst for sikkert i britisk politikk nett no, ifølgje redaktør Trine Andersen.

Onsdag bad Boris Johnson opposisjonen fremje mistillitsforslag mot han og regjeringa dersom dei ikkje vil late han gjennomføre brexit innan fristen 31. oktober.
Onsdag bad Boris Johnson opposisjonen fremje mistillitsforslag mot han og regjeringa dersom dei ikkje vil late han gjennomføre brexit innan fristen 31. oktober.

Det kokar i britisk politikk etter at høgsterett tysdag slo fast at Boris Johnsons suspensjon av parlamentet var ulovleg. Onsdag bad Johnson opposisjonen fremje mistillitsforslag mot han og regjeringa dersom dei ikkje vil late han gjennomføre brexit innan fristen 31. oktober. Vi har snakka med Trine Andersen, som er redaktør av nettsida britiskpolitikk.no om stoda i britisk politikk.

– Kvifor stiller dei ikkje mistillit til Johnson?

– Dei vil nok stille mistillit, men ikkje før det er hindra at Storbritannia går ut av EU utan avtale 31. oktober, jamfør lova dei har vedteke om at han må be EU om utsetjing av brexit dersom det ikkje ligg føre ein brexit-avtale før 19. oktober. Ved eit mistillitsforslag går det 14 dagar då partane skal prøve å få fleirtal for ei ny regjering, og det kjem dei truleg ikkje til å klare. Vanlegvis går det fem veker frå vedtak om nyval til det vert halde, og då ville ein fort vere forbi 31. oktober. Som regel er det òg statsministeren som avgjer kor tid det vert nyval.

– Men Corbyn har bede Johnson trekkje seg sjølv?

– Om han trekkjer seg, kan andre i det konservative partiet overta. Då vert ikkje regjeringa felt.

– Johnson har bede om nyval. Er det så sikkert at han har noko å vinne på det sjølv no?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement