Britar i lås
Det er vanskeleg å ta noko som helst for sikkert i britisk politikk nett no, ifølgje redaktør Trine Andersen.
Onsdag bad Boris Johnson opposisjonen fremje mistillitsforslag mot han og regjeringa dersom dei ikkje vil late han gjennomføre brexit innan fristen 31. oktober.
Foto: Parliament TV via Reuters / NTB scanpix
Samtalen
Trine Andersen
Redaktør i
britiskpolitikk.no
Aktuell
Politisk kaos i
Storbritannia
Samtalen
Trine Andersen
Redaktør i
britiskpolitikk.no
Aktuell
Politisk kaos i
Storbritannia
Storbritannia
eva@dagogtid.no
Det kokar i britisk politikk etter at høgsterett tysdag slo fast at Boris Johnsons suspensjon av parlamentet var ulovleg. Onsdag bad Johnson opposisjonen fremje mistillitsforslag mot han og regjeringa dersom dei ikkje vil late han gjennomføre brexit innan fristen 31. oktober. Vi har snakka med Trine Andersen, som er redaktør av nettsida britiskpolitikk.no om stoda i britisk politikk.
– Kvifor stiller dei ikkje mistillit til Johnson?
– Dei vil nok stille mistillit, men ikkje før det er hindra at Storbritannia går ut av EU utan avtale 31. oktober, jamfør lova dei har vedteke om at han må be EU om utsetjing av brexit dersom det ikkje ligg føre ein brexit-avtale før 19. oktober. Ved eit mistillitsforslag går det 14 dagar då partane skal prøve å få fleirtal for ei ny regjering, og det kjem dei truleg ikkje til å klare. Vanlegvis går det fem veker frå vedtak om nyval til det vert halde, og då ville ein fort vere forbi 31. oktober. Som regel er det òg statsministeren som avgjer kor tid det vert nyval.
– Men Corbyn har bede Johnson trekkje seg sjølv?
– Om han trekkjer seg, kan andre i det konservative partiet overta. Då vert ikkje regjeringa felt.
– Johnson har bede om nyval. Er det så sikkert at han har noko å vinne på det sjølv no?
– Han kan jo ikkje regjere vidare slik som no. Utan fleirtal får han ikkje gjennomført noko som helst, så på eitt eller anna tidspunkt må det kome eit nyval.
– Kan han få nytt fleirtal?
– Det er vanskelegare enn nokon gong å spå no, fordi vi har eit nytt politisk landskap der fire og ikkje to store parti kjempar om makta. I tillegg er det uvisst korleis det går med det skotske konservative partiet, som no har stått sterkt. Den populære partileiaren, Ruth Davidson, klarte ved valet i 2017 å auke talet på konservative representantar frå Skottland frå ein til 13, og det var avgjerande for at Theresa May kunne danne regjering. No har Davidson trekt seg, og spørsmålet er om partiet får like mange representantar ved eit nytt val. Difor er det høgst uvisst om det konservative partiet vil få fleirtal.
– Kva trur du skjer no?
– Eg er ganske sikker på at det vert nyval før jul. Eg trur ikkje Johnsen kjem til å trekkje seg på noko som helst tidspunkt.
– Kva trur du skjer med brexit-prosessen?
– Johnson påstår sjølv at det er håp om ein avtale, men det ser ikkje ut som det er særleg rørsle i Brussel. Den britiske regjeringa har levert eit uformelt forslag til avtale til EU, men EU har sagt at det på langt nær løyser problemet med den såkalla backstop-ordninga, for grensa over til Nord-Irland, så det er umogleg å seie. No er det lovfesta at Johnson må be EU om forlenging i tre månader, dersom han ikkje får til ein brexit-avtale innan 19. oktober. Så spørst det om han kjem til å gjere det.
– Kva gjer britane så sikre på at EU vil gå med på ei forlenging?
– Det er heilt opp til EU å seie ja eller nei til forlenging, og alle 27 medlemsland må tru at det har noko føre seg. Det britane er sikre på, er at heller ikkje EU ønskjer at Storbritannia skal gå ut utan avtale.
– Lova om å be om utsetjing var alt vedteken då Johnson bad om å suspendere parlamentet. Kva kunne han eigentleg ha oppnådd med suspensjonen?
– Det han håpa, var at parlamentet skulle få dårleg tid til å stikke kjeppar i hjula for hans eigen brexit-strategi. Ikkje noko anna.
– Johnson seier folk vil ha Storbritannia ut av EU innan 31. oktober, og at det er parlamentet som ikkje ønskjer brexit. Har han ikkje eigentleg rett i det?
– Det er klart at mange er dritlei heile brexit og berre vil ut. Samstundes er det i folket berre ein av tre som seier det er greitt at Storbritannia går ut utan avtale, medan det i det konservative partiet er 70 prosent som meiner det same.
– Det har vore mange unntak frå normalen i Storbritannia dei siste månadene. Kjem britisk politikk til å kunne gå tilbake til normalen igjen?
– Det får vi håpe, men eg trur ikkje det skjer i år i alle fall.
– Er det framleis mogleg at brexit ikkje vert noko av?
– Ja, det er det. Alt er mogleg nett no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er klart at mange er dritlei heile brexit og berre vil ut.
Fleire artiklar
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.