JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Brent lands lov

Danmark endrar lovverket for å forby koranbrenning. Det er eit forbod med problematiske følgjer, også for Sverige, ifølgje Erik Holstein, politisk kommentator i danske Altinget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Danmark har til liks med Sverige vore åstad for fleire koranbrenningar den siste tida. Biletet er frå ei nyleg hending utanfor Irans ambassade utanfor Stockholm.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB

8620
20230901
8620
20230901

Koranbrenning

eva@dagogtid.no

Ein månad etter at både Danmark og Sverige varsla tiltak mot dei mange koranbrenningane landa har vore åstad for den siste tida, har den danske regjeringa no lagt fram eit lovforslag som kriminaliserer koranbrenning i dansk ålmente.

Koalisjonsregjeringa av partia Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne har fleirtal i Folketinget og kan ifølgje den danske nyhendenettsida Altinget òg kome til å få støtte frå det grøne partiet Alternativet og frå Radikale Venstre. Det er såleis venta at forslaget kjem til å verte vedteke nokså raskt etter at Folketinget trer saman att i oktober.

Noko breitt politisk fleirtal får det likevel ikkje. Dei sju andre opposisjonspartia i Folketinget har gått imot tiltak mot koranbrenning og samla seg bak ei fråsegn om at «valdsmannens veto ikkje skal gjelde og ikkje skal setje rammene for dansk politikk og dansk demokrati».

Ifølgje politisk kommentator Erik Holstein i Altinget vert det likevel vanskeleg å få endra loven att seinare, sjølv for eit nytt politisk fleirtal.

– Parti både til høgre og til venstre er imot lovforslaget, men dersom ein aktivt gjer det om igjen og tillèt koranbrenning, kjem det truleg til å verte sett som ein provokasjon frå den danske staten og medføre internasjonal krise.

Han seier forbodet har problematiske følgjer – både på kort og på lang sikt.

Kan få to år fengsel

Det regjeringa har føreslege, er å utvide ein paragraf i straffeloven som i dag mellom anna forbyr brenning av andre lands flagg, til også å omfatte forbod mot såkalla «utilbørlig behandling av en gjenstand med vesentlig religiøs betydning for et trossamfunn».

Paragrafen ligg i lovkapittelet om rikstryggleiken, og det er også rikstryggleiken regjeringa held fram som kjernen i og motivasjonen bak lovforbodet: Koranbrenningane har medført auka terrortrugsel mot Danmark og sett landet i ein vanskeleg og utrygg situasjon.

Forbodet gjeld ifølgje ordlyden både handlingar på offentleg stad og handlingar som med intensjon vert spreidde i ein vidare krins, og det er føreslege ei strafferamme på opp til to års fengsel for den som bryt loven.

Den danske regjeringa presiserer at lovforslaget vil gjere det straffbart å brenne både Bibelen og Koranen, men omfattar ikkje verbale eller skriftlege ytringar, som til dømes karikaturar og teikningar.

Slik Holstein ser det, inneber endringane i praksis likevel ei gjeninnføring av blasfemiparagrafen, som danske politikarar avskaffa så nyleg som i 2017.

– Etter blasfemiparagrafen kunne ein verte straffa for å håne religionar, inkludert for teikningar. Men paragrafen var gamal og vart ikkje handheva. Det nye lovforslaget er mindre vidtgåande i ordlyden, men det fører oss tilbake til det som var den faktiske rettstilstanden før 2017. Det forbyr håning av fysiske eksemplar av religiøse symbol, og det var det einaste som var att av blasfemiparagrafen i praksis på slutten, seier han.

Grenser og testing

Ei hovudinnvendinga mot lovforbodet er at det kan verte vanskeleg å avgrense i praksis.

Holstein syner til at den danske justisministeren ikkje kunne svare då han vart spurd om det å pakke Koranen inn i eit regnbogeflag og leggje han utanfor den iranske ambassaden, var å rekne som «utilbørlig behandling».

– Det kjem til å oppstå mange grensetilfelle. Rasmus Paludan (den dansk-svenske høgreekstreme politikaren som har stått bak fleire koranbrenningar, journ. merk.) har alt sagt han vil prøve ut lovforbodet, og her er det berre fantasien som set grenser, seier han.

Han ser òg føre seg at mange av dei som synest lovforbodet er ein god idé for å stoppe koranbrenning, kjem til å tenkje annleis om det når andre typar handlingar vert råka.

Ei meiningsmåling gjennomført for avisa Politiken og dansk TV2 nyleg synte at over halvparten av danskane var for å forby brenning av heilage skrifter.

– Eg trur grunnen til at mange har uttrykt støtte til eit forbod, er at koranbrenningane er gjennomførte av nokre få ekstremistar og har kome med store kostnader for det danske samfunnet. Men vi har jo òg døme på ein kvinneleg eksiliransk kunstnar som reiv opp ein koran utanfor den iranske ambassaden i protest mot Irans undertrykking av kvinner, og også slike hendingar vert no forbodne, seier han.

«Svart dag»

Ei anna hovudinnvending er knytt til grunngjevinga frå den danske regjeringa om at lovforbodet er eit tryggingspolitisk tiltak etter auka terrortrugsel. Det argumentet er både inkonsekvent og problematisk, slik Holstein ser det.

– Terrortrugselen auka for alvor då Muhammed-teikningane vart trykte. Brukar vi terror som argument, burde vi også ha forbode karikaturar, men det er det jo ingen som meiner at vi skal. Når vi fyrst opnar for terrorargumentet, seier vi jo at trugslar utanfrå får diktere lovene våre, og då er vi på veg ut i ein rutsjebane, seier han.

Dette siste er også Hilde Sandviks hovudargument mot lovforbodet. Sandvik er programleiar i podkasten Norsken, svensken og dansken, og ho skreiv «svart dag i Skandinavia, dette» då forslaget frå den danske regjeringa vart kjent.

– Eit av spørsmåla er jo kva vi tenkjer er konsekvensen på sikt av å forby det som i augneblinken skapar sinne. Kvar sluttar det om vi byrjar å akseptere prinsippet om ufridom, spør ho.

Danmarks utanriksminister Lars Løkke Rasmussen, justisminister Peter Hummelgaard og visestatsminister Jakob Ellemann-Jensen la for ei veke sidan fram forslag om forbod mot koranbrenning.

Foto: Martin Sylvest / Ritzau Scanpix

– Totalt urimeleg

På den andre sida kan ein spørje seg kva alternativ den danske regjeringa har. Koranbrenningane har ført til misnøye og sterke protestar mot både Danmark og Sverige frå fleire hald. FNs menneskerettsråd fordømer koranbrenningane, og Organisasjonen for islamsk samarbeid har i tillegg oppmoda dei 57 medlemslanda til reaksjonar mot Danmark og Sverige. Sjølv EU-kommisjonen har fordømt bølgja av koranbrenningar.

Professor Janne Haaland Matlary ved Universitetet i Oslo meiner ei regjering både kan og bør bestemme at koranbrenning framfor enkeltambassadar ikkje skal vere lov om det motsette er til skade for nasjonale interesser. I eit innlegg i Dagens Næringsliv – eit innlegg som vel å merke handla om koranbrenning i Sverige og korleis det er brukt til å blokkere for Nato-medlemskap – skreiv ho nyleg at det er totalt urimeleg ut frå ein demokratisk tankegang å la ein enkeltborgar, ein koranbrennar, få diktere eit lands tryggingspolitikk.

Sandvik ser annleis på saka.

– Eg skulle ønskje vi ville syne styrke til å halde fast ved det som er moglegheitene og utfordringane ved det liberale demokratiet, ikkje ta fleire steg tilbake. Heilt sidan Sataniske vers-affæren har Vesten synt at vi er viljuge til å fire på prinsippa for valdsmannens veto. Vi demonstrerer i staden at vi har særs svak beredskap for å møte trugsmål mot sjølve grunnverdien i demokratiet. Korleis skal Danmark kunne sjå iranske fengsla dissidentar i augo? Med denne lova har den danske regjeringa samtykt i å dele legitimiteten med Gud og hans sjølvoppnemnde representantar, for å seie det med Gérard Biard, redaktør i Charlie Hebdo.

– Auka terrorfare og trugslar mot land er samstundes noko ei regjering må ta på alvor. Skal ei regjering tillate at nokre få personar og handlingane set eit heilt land i fare?

– Al Qaida har oppmoda til åtak mot Sverige. Det er totalt absurd. Det går ikkje å møte dette pragmatisk. Det handlar ikkje om koranbrenningar, det handlar om kvar fronten skal gå neste gong, seier ho.

Meir sårbart Sverige

I Sverige har det danske lovforslaget heller ikkje fått noka varm mottaking. Magdalena Andersson, som er partileiar for Socialdemokraterna og tidlegare statsminister, har uttalt at det danske lovforbodet gjer Sverige meir utsett enn før.

– Det som skjer når Danmark endrar lovverket, er at vi vert åleine att og i ein sårbar posisjon. Verdas auge kjem til å verte retta mot oss, sa ho under ein pressekonferanse like etter at det danske lovforslaget vart kjent.

Holstein seier følgjene for Sverige er eit argument mot det danske lovforbodet i seg sjølv.

– Den svenske regjeringa kjem ikkje til å få fleirtal for eit liknande inngrep, og situasjonen er alt meir kritisk for Sverige i og med at Nato-medlemskapen framleis står på spel, seier han.

Sandvik ser ikkje vekk frå at det danske lovforbodet kjem til å få følgjer for andre land òg.

– Vi er i ein situasjon i dag der fleire land vender seg mot Vesten. Brics-koalisjonen vert utvida, kampen om den multipolare verdsordenen hardnar til, Organisasjonen for islamske land styrkjer posisjonen sin, og nye alliansar oppstår. Presset kjem til å auke suksessivt, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis