JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Braut leiar­løns­systemet i staten

Solberg-regjeringa gav toppsjefen i Eksportfinansiering Noreg 2,5 millionar kroner i løn og braut med det systemet for leiarløner i staten. Den ansvarlege statsråden var Iselin Nybø. Ho nektar å svare på spørsmål om saka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Næringsminister Iselin Nybø (V) på veg inn til Stortinget i 2020.

Foto: Berit Roald / NTB

5700
20221007
5700
20221007

Lønsnivå

vidar@dagogtid.no

Tone Lunde Bakker fekk i fjor jobben som administrerande direktør i Eksportfinansiering Noreg. Ho stod ikkje på den offentlege søkarlista, men departementet opplyser at ho stod som anonym søkar, og at ho søkte innan fristen. Ho kom frå stilling som dagleg leiar i Swedbank Norge. Ho var frå 2014 og fram til mai år leiar for bedriftsforsamlinga og valkomiteen i Equinor (Statoil).

Brot

Tilsettinga vart kunngjord 6. mai 2021 av Iselin Nybø som då var næringsminister. Mindre enn tre månadar tidlegare hadde Regjeringa ved Kommunal- og distriktsdepartementet offentleggjort oppdaterte opplysningar om reviderte lønstal for leiarlønssystemet i staten. Det vidareførte og fastsette to millionar kroner som maksimal toppløn. Retningslinene gjeld framleis og står uendra på nettsidene til Kommunaldepartementet.

Trass i dette fekk Bakker altså ei løn på 2,5 millionar kroner. Dette går fram av ei utskrift Dag og Tid har fått av leiarlønene for alle som er omfatta av leiarlønssystemet i staten.

Ufatteleg sommel

Etter at vi mottok utskrifta, bad vi Nærings- og fiskeridepartementet om å få innsyn i tilsettingsavtalen med Tone Lunde Bakker.

Innsyn fekk vi først etter meir enn fire veker og etter fleire purringar. Dag og Tid påpeika at vi har rettsleg krav på å få tilgang til avtalen. Vi viste til at dette vart avklara for fleire år sidan.

Tilsettinga skjedde i førstninga av mai 2021 med jobbstart 1. august. Men tilsettingsavtalen vart først underteikna 20. oktober.

Sivilombodsmannen fastslo for fleire år sidan at innsynssaker normalt bør avgjerast i løpet av éin til tre arbeidsdagar. Sakshandsaminga i Nærings- og fiskeridepartementet er med det eit klart brot mot ombodet sine retningsliner.

Vil ikkje svare

Lovavdelinga i Justisdepartementet utgreidde og slo fast retten til innsyn i leiarlønsavtalar i staten alt i 2009 på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Næringsdepartementet har ikkje vilja svare på om ein har vanta kunnskap om denne innsynsretten, heller ikkje om kvifor ein har brukt så lang tid på å gje innsyn.

I eit svar frå departementet, underteikna ekspedisjonssjef Erling Rimestad, skriv departementet mellom anna:

«Først av alt må vi beklage at behandlinga av innsynssakene har teke vesentleg lenger tid enn normalt.»

Han forklarar tidsbruken med «ein kombinasjon av ferieavvikling og at innsynsvurderingane har kravd koordinering med andre departement/avdelingar». Kva som ligg i dette, har departementet ikkje vilja opplyse om.

Dagen etter at Rimestad sende denne meldinga, vart han utnemnd til vikarierande statssekretær i Utanriksdepartementet for Ap for ein periode på to månadar.

Dag og Tid har også spurt om korleis departementet har behandla og kunna fråvike lønstaket som er fastsett for leiarlønssystemet i staten. Heller ikkje det har Næringsdepartementet vilja svare på.

Dag og Tid har også stilt spørsmål til Kommunal- og distriktsdepartementet som forvaltar leiarlønssystemet om korleis ein eventuelt kan fråvike retningslinene. Departementet svarar ikkje på spørsmålet, men har oversendt eit delsvar frå personaldirektøren i staten, Gisle Norheim:

«Kommunal og distriktsdepartementet er ansvarleg for å fastsetje dei sentrale retningslinene for tilsette på statens leiarlønssystem. Kvart departement fastset sjølv løna til sine tilsette på leiarlønssystemet, på bakgrunn av dei sentrale retningslinene.»

Det gjev ikkje rom for å gå ut over toppløna på to millionar kroner.

Næringsdepartementet har også nekta å gje innsyn i dokument som kan kaste lys over korleis lønsfastsettinga har skjedd. Nesten alle dokument Dag og Tid har bede om innsyn i, som gjeld opprettinga av Eksportfinansiering Noreg, er anten blitt unnateke heilt eller sladda.

Den ansvarlege

Iselin Nybø var ansvarleg statsråd som gjennomførte denne tilsettinga. Ho nektar å svare når vi ringer henne med spørsmål om å forklare kva som skjedde.

– Eg har gått ut av politikken og har ingen kommentarar til saka. Ta kontakt med departementet.

– Det har vi gjort, og dei vil ikkje gje opplysningar. Det var ei politisk avgjerd som berre du kan svare for. Derfor spør vi deg.

– Takk for at du ringde. Ha ein fin dag vidare, svarar Nybø og legg på.

Fekk hard kritikk

I denne samanhengen er det på sin plass å nemne at Iselin Nybø også var statsråden som valde å hemmeleghalde søknaden frå statsrådskollega Frank Bakke Jensen (H) då han i juni i fjor, fleire veker etter fristen, søkte stillinga som fiskeridirektør.

Nybø måtte tole klar kritikk frå Sivilombodet og Stortinget som slo fast at hemmeleghaldet var i strid med norsk lov. Dette skjedde etter at Dag og Tid klaga hemmeleghaldet inn for Sivilombodet og fekk medhald.

Nybø stod som næringsminister for ein heilt annan kurs i innsynsspørsmål enn den partifellen Lars Sponheim valde då han var næringsminister i åra 1997–2000 i Bondevik I-regjeringa. Han opna departementet for mykje meir innsyn.

Forbigått

I dei siste åra har politidirektør Benedicte Bjørnland trona åleine på toppen av leiarlønssystemet med ei årsløn på to millionar kroner. I løpet av fjoråret fekk ho selskap av Nav-direktør Hans Christian Holte og veg­direktør Ingrid Dahl Hovland som også kom opp på to millionar.

Men dei er altså alle tre passerte med god margin av den nye direktøren i Eksportfinansiering Noreg – i strid med regelverket. Den nye direktøren fekk ei løn som alt den gongen låg drygt 694.000 kroner høgare enn løna til statsministeren.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis