Politikk
Brannsløkking i Mali
Norske soldatar skal til Mali for å nedkjempe militante islamistar. Bidraget handlar meir om norsk alliansebygging enn om Mali, meiner oberstløytnant og forskar Tormod Heier.
Frankrike har hatt antiterrorstyrkar i Mali i fleire år. No skal norske spesialsoldatar til landet saman med svenskane, under fransk kommando.
Foto: AP
Farleg og uoversiktleg, er ord som vert brukte om situasjonen i Mali. Landet vest i Sahel-regionen har vore utsett for to militærkupp berre det siste året. Samstundes får islamistiske opprørargrupper stadig sterkare fotfeste i landet, og valden aukar.
Det som går føre seg, har bakgrunn i eit militærkupp og eit påfølgjande tuaregopprør nord i Mali i 2012, året etter invasjonen i Libya og Muammar al-Gaddafis fall. Opprørarane vart så fortrengde av jihadistar, som tok fleire byar nord i landet, før regjeringsstyrkar med hjelp frå Frankrike greidde å ta kontrollen att.
Franskmennene vart verande i Mali med antiterrorstyrkar, gjennom operasjonen Barkhane, som tel over 5000 soldatar. I 2013 vart det òg oppretta ein fredsbevarande FN-misjon som skulle bidra til å stabilisere landet, og EU har etablert program og kapasitetsbyggingsmekanismar.
Men trass i tungt internasjonalt nærvær har ikkje situasjonen betra seg. Opprøret har tvert om spreidd seg inn i nabolanda Niger og Burkina Faso, så vel som sørover i Mali. Nupi-forskar Morten Bøås seier jihadistane er nærare hovudstaden Bamako i dag enn dei var i 2013, og at han ser få lyspunkt i landet.
Organisasjonen International Crisis Group rapporterer at jihadistiske åtak i heile Sahel er femdobla sidan 2016, og at valden mellom etniske grupper har eksplodert. Grupper som relaterer seg til Al Qaida og IS har rekruttert misnøgd ungdom, auka talet på åtak mot nasjonale tryggingsstyrkar og festa grepet fleire stader.
Til dette området er det den norske regjeringa, med støtte frå Arbeidarpartiet, nyleg har vedteke å sende norske spesialsoldatar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.