Bråkmakarar utan makt
Høgrepopulistiske EU-kritikarar vert fleire i Europaparlamentet. Men dei kjem ikkje til å få reell innverknad, meiner tidlegare EU-kritisk parlamentarikar.
Dei høgrepopulistiske nasjonalistpartia, her representert ved (f.v.) nederlandske Geert Wilders, italienske Matteo Salvini, franske Marine Le Pen, bulgarske Veselin Mareshki og tsjekkiske Tomio Okamura, har gått frå ein femdel til ein firedel av representantane i EU-parlamentet.
Foto: Alessandro Garofalo / Reuters
Liberalarane og dei grøne gjekk fram ved det europeiske valet. Høgrepopulistiske og EU-kritiske parti fekk langt lågare oppslutning enn venta. Trass i dommedagsvarsla på førehand høyrer fleirtalet av seta i Europaparlamentet dimed framleis til parti som ønskjer å styrkje heller enn svekkje EU.
Like fullt har dei høgrepopulistiske og EU-kritiske partia auka representasjonen frå ein femdel til ein firedel av plassane i parlamentet. Dei gjekk av med sigeren i så vel Storbritannia som i Frankrike, Italia og Polen. Det EU-skeptiske partiet Fidesz tok i tillegg over 50 prosent av røystene i Ungarn.
Franske Marine Le Pen har i ettertid varsla at ho vil ha ein kraftfull allianse av høgreparti i EU-parlamentet. Matteo Salvini i Italia har sagt han meiner framgangen gjev høgrepartia mandat til å presse gjennom skattesparingar og endringar i EUs budsjettreglar.
Tidlegare EU-parlamentarikar Jens-Peter Bonde frå Danmark seier EU-motstandarane i ulike land kjem til å verte meir synlege framover, men at dei ikkje kjem til å ha reell innverknad i Europaparlamentet.
– Dei får nokre plassar i parlamentsleiinga, men vi kjem til å få ein firepartiallianse av partigruppene som er for EU – sosialdemokratar, konservative, liberalarar og dei grøne – som tek dei tunge postane, og som kjem til å regjere EU dei neste fem åra. Eg kan ikkje tenkje meg at dei set inn representantar med haldningar som Salvini i EU-kommisjonen, til dømes. Det burde dei gjere, men det er ikkje sikkert det kjem til å skje, seier han.
Sju promille
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.