Bråbrems for turbolandbruket

Nederlandske bønder må kutte nitrogenutsleppa monaleg. Visjonen for det intensive landbruket vert lagd om, ifølgje Bart van Gool.

Bondedemonstrasjonar, politiske åtvaringar og stygge konfrontasjonar mellom demonstrantar og politi har prega nyhendebiletet i Nederland dei siste vekene.
Bondedemonstrasjonar, politiske åtvaringar og stygge konfrontasjonar mellom demonstrantar og politi har prega nyhendebiletet i Nederland dei siste vekene.
Publisert Sist oppdatert

Bondedemonstrasjonar og brennande høyballar, dumping av søppel, blokkerte matvarelager og matbutikkar, traktorar og landbruksmaskinar som sperrar matvarelager, matbutikkar, vegar, kanalar, hamner og flyplassar, bøteleggingar, arrestasjonar, politiske åtvaringar og stygge konfrontasjonar mellom demonstrantar og politi.

Dette er hendingar som har prega nyhendebiletet i Nederland i vekene sidan regjeringa 10. juni la fram «Startnotitie Nationaal Programma Lendelijk Gebied», ein plan for korleis utsleppa av nitrogen i landet skal halverast fram mot 2030.

Nederland, som er verdas nest største eksportør av landbruksvarer målt i verdi, har no for høg konsentrasjon av nitrogen innanfor om lag tre fjerdedelar av dei sårbare landområda sine, ifølgje regjeringa, og ammoniakkutsleppa frå det intensive landbruket er den største enkeltbidragsytaren.

I alt står landbruket for nesten halvparten av den samla nitrogenforureininga i landet. Andre viktige bidragsytarar er nitrogenoksid frå trafikk, industri og bygg og anlegg.

Kutta regjeringa har lagt opp til, råkar alle desse sektorane, men er ujamt fordelte kring om i landet, avhengige av forureiningsgrad i området, arealtype og avstand til sårbare naturområde. Tett på sårbare naturområde skal utsleppa reduserast med 70 og 95 prosent, medan andre område får krav om utsleppskutt på 12, 47 eller 58 prosent.

Korleis kutta skal gjennomførast og fordelast, skal avgjerast på regionalt nivå i løpet av det komande året, men at landbruket må ta ein stor del, er heva over tvil. Det vert snakka om at dyretalet kan måtte reduserast med opp mot 30 prosent for å redusere utsleppa frå gjødsel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement