BotEg håpte i det lengste at det gule eg skimta på frontruta, var eit haustlauv. Det var det ikkje. Den knallgule strimla med lita, svart skrift var frå Bymiljøetaten i Oslo kommune. 900 kroner ville dei ha fordi eg hadde parkert nokre centimeter for nært
Eg håpte i det lengste at det gule eg skimta på frontruta, var eit haustlauv. Det var det ikkje. Den knallgule strimla med lita, svart skrift var frå Bymiljøetaten i Oslo kommune. 900 kroner ville dei ha fordi eg hadde parkert nokre centimeter for nært krysset. Eg hadde stega opp om lag fem meter då eg parkerte bilen, og teke sjansen på at det gjekk fint ein søndag ettermiddag på Storo. Det vart ein dyr klesvask. Ærendet var nemleg å låne vaskemaskina til ei veninne.
Heldigvis har eg ingen problem med å bruke pengar, så så sur vart eg ikkje. Å klage på bota fall meg ikkje inn, sjølv om eg i ettertid har sett at ein kan nå fram med det. Parkering mindre enn fem meter frå kryss var den vanlegaste grunnen til parkeringsbot i Oslo for eit par år sidan – og er det truleg enno.
Ein kveld hunden og eg var på veg heim frå jobb, såg eg eit par parkeringsvakter i full aksjon i Pilestredet. Kvifor sjekka dei bilane når det var gratis parkering etter klokka 20? tenkte eg med meg, men ville ikkje leggje meg oppi det, som han sa, mannen, kjerringa hadde skite i senga.
Då vi passerte dei to, heiv den eine seg ned på alle fire for å helse på hunden. Då lét eg ikkje sjansen gå frå meg, og forklarte at eg nyleg hadde fått parkeringsbot på grunn av femmetersregelen.
– Du må rekne frå den kantsteinen der avrundinga byrjar, forklarte parkeringsvakta.
– Kvifor kan de ikkje berre markere femmeteren med ei stripe i vegen, spurde eg, som hadde fundert på å gå til aksjon med sprayboksar på eiga hand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.