Borte best

Publisert

Det er ikkje alle forunnt å få bu på guterommet til evig tid – det kan eg love dykk.

Då eg for nokre år sidan flytta til utlandet for å studere, kom det meg for øyre at eg måtte melde flytting til Skatteetaten. Den tabben skulle eg aldri ha gjort. For er ein først inne i systemet, kjem ein aldri ut att. Eller: Er ein først ute av landet, kjem ein aldri inn att.

Kort tid etter utvandringa fekk eg melding om at fastlege heime i Noreg kunne eg no berre gløyme. At eg er veldig allergisk mot nøtter (sjå førre petit) og kunne ha nytte av å snakke med den vande legen min i ny og ne, brydde ikkje Helfo seg stort om.

Lånekassa spurde kvifor i alle dagar eg hadde meldt flytting: Som eksilstudent kan du sjølvsagt stå folkeregistrert i barndomsheimen. Kor skal du elles få post?

Men Skatteetaten kunne forsikre meg:

– Det finst ikkje eigne reglar for studentar, må du vel skjøne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement