Borge«Velkommen til midnattsmesse. Gud sitter forresten i garderoben.» Med desse orda introduserte konferansier Knut Borge i 1984 den historiske midnattskonserten til Miles Davis i Idrettens Hus under jazzfestivalen i Molde – ein ekstraordinær konsert, då

Publisert

«Velkommen til midnattsmesse. Gud sitter i garderoben.»

Med desse orda introduserte konferansier Knut Borge i 1984 den historiske midnattskonserten til Miles Davis i Idrettens Hus under jazzfestivalen i Molde – ein ekstraordinær konsert, då guden av ymse grunnar kom så seint at konserten vart til ei nattmesse som vi som var der, aldri vil gløyme. Søndag 9. april døydde Knut Borge, berre 67 år gamal. Ein journalist, radiomann og TV-formidlar av format, og ein språkleg underhaldar som i rolla som konferansier var makelaus. Den første glanstida i faget hadde han i Molde frå 1979 til 1989, der han ein gong før ein konsert kom inn på scena, i full habitt som kokk, og tykte krava til jobben hadde vorte vel høge.

Som journalist og mangslungen programleiar i både radio og fjernsyn hadde han tallause jarn i elden, åleine eller saman med til dømes Torkjell Berulfsen, då dei i nattradioen delte ut den politiske «Upper Ten»-prisen. Radioprogrammet Swing & sweet, med Borge saman med den svenske jazzkommentator Leif «Smoke Rings» Anderson, var i 13 år ein festkveld kvar gong i dampradioen. Det var noko av den same stilen vi kjende att i radioprogrammet Bluesasylet, som Borge laga saman med Knut Reiersrud.

Og kven skulle tru at det gjekk an å lage eit program som Studio Sokrates, der jazz og filosofi med Borge, programleiaren og ein filosof i studio gjekk opp jazzmusikalske stiar i mange land?

Som jazzkjennar var Knut Borge botnsolid, planta i amerikansk jazztradisjon. Han var ein «belest» mann, som det heiter i meir enn musikk, og han var ein meister i formidling same kva scene han stod på. Han var ein språkmeister der gullkorna sat tett, samstundes som han ikkje tok seg sjølv det minste høgtideleg. Han hadde mange programleiarroller. Som journalist byrja han å skrive om jazz i VG.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement