Børa til Støre

Måndag denne veka vart det kjent at fleire Ap-toppar ønskjer eit leiarskifte. Ifølgje den siste meiningsmålinga gjer Arbeidarpartiet det historisk dårleg med 16,5 prosent oppslutnad.

Det er krise i Arbeidarpartiet. Vil statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre måtte gå?
Det er krise i Arbeidarpartiet. Vil statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre måtte gå?
Publisert

Då Tonje Brenna vart spurd om ho ville ta over som partileiar dersom statsminister Jonas Gahr Støre skulle gå, svara ho at det ikkje var ei aktuell problemstilling. Jonas Gahr Støre vart partileiar i 2014, og ved stortingsvalet i 2021 fekk partiet 26,3 prosent av røystene. Torsdag presenterte VG ei undersøking som viser at kvar tredje Ap-representant i kommunane meiner Støre må trekke seg som partileiar.

Hans Olav Lahlum er historikar, forfattar og SV-politikar, og han har skrive fleire bøker om Arbeidarpartiet.

– Bør Jonas Gahr Støre gå av som statsminister?

– Det er det opp til Arbeidarpartiet å avgjere. Eg er ikkje i ein posisjon til å avgjere kven som bør vere partileiar og statsministerkandidat i Ap. Eg meiner dei som seier at ein ikkje kan avsette Støre fordi det var han som blei vald til statsminister i denne perioden, tek feil. Me har eit parlamentarisk system der det kan skje at ein byter statsminister undervegs i ein valperiode. Det er regjeringspartia og Stortinget som avgjer om han har den tilliten som trengst som statsminister. Dersom Arbeidarpartiet skulle kome fram til at han ikkje lenger har tillit, bør han gå av, men eg trur ikkje det skjer no.

– Kvifor ikkje?

– Fordi han openbert har stor støtte både blant veljarane i Ap og sentrale aktørar der. Begge nestleiarane har gått ut og sagt at dei ikkje vil stille mot han. Eg trur òg det er fordi dei eigentleg veit at det ikkje er statsministeren isolert som er problemet. Det er eit breiare problem med politikken, kva ein har gjort i regjeringssamarbeid med Senterpartiet (Sp), kva ein har klart å kommunisere, og så vidare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement