Bomber stoggar ikkje krigen
Er tida komen for at USA og Nato bør aksjonera militært i Syria? Krigen ser ikkje ut til å få ein snarleg slutt. Snarare tvert imot. Når Assad-regimet no ser ut til å ha brukt kjemiske våpen mot opprørarar og sivilbefolkning i Damaskus, syner det at borgarkrigen er vorten endå meir brutal.
Difor er det ein naturleg reaksjon at mange ønskjer at andre land skal gripa inn militært for å få slutt på galskapen og prøva å hindra meir liding for sivilbefolkninga.
I tillegg handlar det om USAs truverde. USA har i lang tid åtvara styresmaktene i Syria mot bruk av kjemiske våpen. Politisk er det difor problematisk om USA ikkje fylgjer opp sine eigne åtvaringar med handling etter eit så omfattande giftgassåtak.
Og det er ikkje tale om å invadera landet. I tilfelle USA går til aksjon, vil det vera ein rein straffereaksjon. USA vil bomba utvalde militære mål som flyplassar, kommandosentralar og militære anlegg. Og sjølv om ikkje heile Tryggingsrådet skulle stilla seg bak militæraksjonane, vil USA ha folkerettslege argument for aksjonen ved å syna til retten til å verna sivile mot overgrep.
Problemet er at slike bombeaksjonar ikkje vil få slutt på krigen. Skal ein ha von om det, må ein som i Libya gå tungt inn og bomba massivt over lang tid.
Ei slik bombing vil vera uansvarleg av di faren for at konflikten kan koma til å utvida seg både internt i Syria og til nabolanda, er for stor. Det er heller ikkje i USAs og Vestens interesse om Assad-regimet endar med det totale nederlaget. Jihadistane blant opprørarane er for mange til at USA og Vesten vil ta sjansen på at dei får makt og innverknad i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.