Krig
Bokplott i den tolvte krigssommaren
På den nest siste dagen i mai bomba ikkje Russland Kyiv, og Ukraina sende ikkje dronar mot Moskva. Det var avgangsfest for elevane på vidaregåande. Og det var bokfestival.
Til Bokarsenalet, den største bokfestivalen i Ukraina, kom det mange bokelskarar i militæruniform.
Foto: Serhil Nuzhnenko / Radio Svoboda
I både Kyiv og Moskva, til liks med i andre små og store byar, høyrde ein valsmusikk. Tusenvis av avgangselevar sa farvel til skulen og vandra inn i vaksenverda. Krestsjatik, hovudgata i Kyiv, vart som ein catwalk der jenter i staselege kjolar tok ein stans under blømande kastanjetre for å ta bilete, og unge menn i elegante dressar lo fritt og lytta meir oppmerksamt til kvarandre enn vanleg ettersom dei visste at dei ikkje kom til å treffast så ofte lenger, og at kvar av dei stod ved starten av sin personlege veg til framtida, ei framtid som er uviss, for å seie det mildt.
Ein av dei viktige tradisjonane som høyrer den siste skuledagen til, ligg i fortida og kjem ikkje attende før krigen er slutt. Tradisjonen blir kalla «å helse morgongryet». Før krigen pla avgangselevane feste heile natta, og så fann dei ein stad der dei kunne sjå soloppgangen saman. I Kyiv var den høgre Dnipro-breidda truleg den mest populære plassen for dette.
Slutten på skuletida i Ukraina er no markert med ein ny tradisjon – ein tur til gravene til klassekameratar som ikkje fekk leve lenge nok; dei fekk ikkje oppleve avgangsfesten.
I Korostysjiv, ikkje langt frå Kyiv, vart avslutninga for elevane ved den vidaregåande skulen Lyceum 1 lagd til kyrkjegarden der grava til klassekameraten Roman Martynjuk ligg. Guten døydde saman med den yngre broren og systera fem dagar før avgangsseremonien. Alle dei tre borna var elevar ved Lyceum 1.
I Kharkiv, trass i pausen i åtak frå Russland denne eine dagen, gjekk heile avgangsfeiringa føre seg i bomberom og kjellarar.
Elevar som har fullført tre år på vidaregåande skule ved hjelp av fjernundervisning i andre delar av landet eller utlandet, kunne ikkje komme og få overrekt vitnemålet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.