Kommentar

Blyår i Amerika

Frå ein norsk ståstad er det meiningslaust å kalle Charlie Kirk «konservativ», skriv Øyvind Strømmen.

Kransar, kondolansar og ballongar hopar seg opp ved kontora til Turning Point USA i Phoenix i Arizona etter at Charlie Kirk blei skoten og drepen på eit møte i Utah Valley University 16. september.
Publisert Sist oppdatert

Den 10. september 2025 vart den amerikanske kristennasjonalisten Charlie Kirk skoten og drepen for open scene under eit arrangement ved Utah Valley University. I skrivande stund er det enno mykje ved motivet til gjerningsmannen som ikkje er avklart, men mykje tyder på at det var politisk. Den klåraste indikasjonen på det er tekstmeldingar Tyler Robinson skal ha sendt til kjærasten sin, som skal vere i ferd med å skifte kjønn. Der tilstod Robinson drapet og skreiv at han hadde fått nok av hatet til Kirk.

Om drapet heng saman med ein samanhengande politisk ideologi eller handlar mest om personlege tilhøve, er framleis uklårt.

Mange hadde konkludert alt før dette vart kjent. Somme – inklusive presidenten – hadde raskt konkludert med at ugjerningsmannen kom frå den radikale venstresida. Andre, ikkje minst på venstresida, meinte derimot at han kunne vere ein såkalla groyper, ein høgreekstremist frå det rimeleg sekteriske miljøet rundt Nick Fuentes, og det basert på referansar til internettkultur som for mange av oss er ganske vanskelege å forstå. Ein kunne lett få inntrykk av at folk valde og vraka i rykte og indisium etter kva som passa deira eige verdsbilete.

Kulturkrig

Bak ligg sjølvsagt kulturkrigen og lurer. Det er ein kulturkrig som kastar lange skuggar, også i Europa, ikkje minst i Noreg. Me har blikket stødig vendt vestover, og er forgjorde av amerikansk politikk. Samstundes vert me forvirra av ein politisk røyndom som ikkje liknar vår eigen.

I eit land med tretten USA-ekspertar på dusinet innrømte fleire journalistar at dei ikkje kjende til attentatofferet Kirk. I norske medium har han vorte skildra som «konservativ». Ein kan diskutere om det gjev meining frå eit amerikansk perspektiv, og kva det eventuelt fortel om amerikansk konservatisme. Men frå ein norsk ståstad vert det omgrepet direkte meiningslaust. Kirk har også vorte omtalt som «høgreaktivist». Det er på eitt vis i det minste rett, men det fortel samstundes lite. Og han har sjølvsagt vorte omtalt som «kontroversiell», som om det sa oss noko særleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement