Blokkjedeteknologi – ord for ord

Blokkjedeteknologien kan samanliknast med ei storstilt offentleg bokføring der alle har tilgang til den same rekneskapsboka. Kvar gong nokon vil kjøpe ein bitcoin, får andre på nettverket – såkalla «gravarar» – beskjed om å bokføre transaksjonen. Dette gjer ein ved å løyse ei avansert matematisk likning, kalla mining. Når ein har samla eit par tusen transaksjonar, vert dei lagra på ei såkalla blokk. Førstemann til å ferdigstille ei blokk stikk av med heile fortenesta.

For tida får ein gravar 6,25 nye bitcoin for kvar ny blokk. Etter kvart som tilførselen av nye bitcoin vert redusert, må transaksjonsgebyra stå for ein stadig større del av godtgjersla om nettverket skal haldast like sikkert som i dag.

Dette er den såkalla proof-of-work-metoden, arbeidsprovmetoden, som er metoden bak både bitcoin og ether. Ethereum-blokkjeda har likevel i lang tid planlagt å gå over til proof-of-stake-metoden. I staden for at mange «gravarar» hiv seg over same oppgåve, satsar ein i kryptovaluta i ein bodrunde for å få lov til å bokføre ei blokk. Algoritmen vel så ut berre éin person til å gjere jobben.

Fordelen med innsatsmetoden er at han er mykje meir effektiv med tanke på ressursbruk. Likevel meiner Svein Ølnes ved Vestlandsforsking at mykje av det opphavlege poenget forsvinn med denne metoden:

– Det er meir som det finanssystemet me kjenner i dag. Jo meir kryptovaluta du har, desto større er sjansen for å verte vald ut. Kort sagt: Dei rike vert rikare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement