Bli sjuk, gå konkurs og døyDå visepresident Mike Pence nyleg dreiv valkamp, sa han at republikanarane ville oppheve
Då visepresident Mike Pence nyleg dreiv valkamp, sa han at Republikanarane ville oppheve Obamacare dersom dei har fleirtal i Kongressen i november.
Visepresident Mike Pence håper at Republikanarane framleis har fleirtal i Kongressen etter valet i november.
Foto: Chris Wattie / Reuters / NTB scanpix
Lat oss vere ærlege: Trass i ryktet som uavhengig representant var John McCain i storparten av det siste tiåret sitt ein svært ortodoks republikanar som heldt seg til partilina same kor uansvarleg ho vart. Tenk på måten han forlét det forsvaret han ein gong førte for tiltak som kunne motverke den globale oppvarminga. Men han vog opp for mykje av dette med éi handling: Han gav den avgjerande røysta mot freistnadene frå det republikanske partiet på å avskaffe Affordable Care Act, som gjerne blir kalla Obamacare. Dette eine nei-et berga helsetenester for fleire titals millionar amerikanarar, i det minste for ei stund.
Men no er McCain borte, og med han, så langt vi kan slå fast, den einaste republikanaren i Kongressen med noko som liknar ei ryggrad. Så dersom Republikanarane beheld fleirtalet i Kongressen i november, kan vi vere overtydde om at dei kjem til å fjerne Obamacare. Det er ikkje gissing: Det er eit klårt og tydeleg løfte, gjeve av visepresident Mike Pence for to veker sidan.
Men kva med problema som hindra framstøyten for oppheving i 2017? Republikanarane har sikkert nytta det siste året til å tenkje nytt om dei politiske ideane sine, i ein freistnad på å finne ut korleis dei kan få oppheva Affordable Care Act utan å påføre vanlege amerikanarar stor skade, særleg dei med kroniske lidingar, til dømes? Ikkje sant?
Tok du den? «Ikkje sant?»
Sjølvsagt har ikkje Republikanarane tenkt om att om ideane om helsestell (eller kva som helst elles, for den saks skuld). Det kjem til dels av at det moderne republikanske partiet ikkje driv med politisk analyse. Demokratane har eit nettverk av tenkjetankar og velvillig innstilte uavhengige ekspertar som granskar fakta noggrant, som freistar finne løysingar på verkelege problem og som av og til påverkar aktuelle lovframlegg. Republikanarane har ikkje noko som kan samanliknast med dette; dei føyelege «ekspertane» deira driv stort sett med å seie kva som helst dei politiske herrane deira ønsker å høyre.
Når det gjeld helsestell, har dei likevel eit endå djupare problem: Det republikanske partiet kan ikkje levere eit alternativ til Affordable Care Act fordi det ikkje eksisterer noko slikt alternativ. Særleg gjeld det at om ein ønsker å behalde vern for folk med sjukdom dei tidlegare har fått behandling for – nett den helsesaka som er viktigast for veljarane, inkludert helvta av Republikanarane – er Obamacare den mest konservative politikken som kan gjere det. Dei einaste løysingane elles er slikt som Medicare for alle, som ville innebere ei tydeleg dreiing til venstre, ikkje til høgre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.