BlåttKvantemekanikarane slår fast at fargen i seg sjølv ikkje påverkar farten på eit objekt. At blåe bilar er raskare enn raude, kjem av at dei raude oftare blir stoppa av politiet og såleis kan tapa mykje tid på det.

Publisert

Kvantemekanikarane slår fast at fargen i seg sjølv ikkje påverkar farten på eit objekt. At blåe bilar er raskare enn raude, kjem av at dei raude oftare blir stoppa av politiet og såleis kan tapa mykje tid på det.

Kan det då vera sant at blå skeisedrakt er raskare enn raud?

Den historiske olympiske 500-meteren til Håvard Lorentzen her om dagen motseier slett ikkje denne påstanden som i haust lak frå det norske landslaget. Rett nok hadde sørkoreanaren Cha Min-kyu, som blei ein god nummer to, òg blå drakt, men han hadde eit kvitt parti under armane som godt kan ha kosta han 0,01 sekund, og med det gullet.

Eventuelt kan det sterke løpet til Lorentzen tilskrivast ein placeboeffekt. Når løparane berre er overtydde om at dei faktisk går fortare i blått, då kan dei gjera nett det. Eller omvendt, konkurrentane kan umedvite ha byrja tenkja at blåkledde skeiseløparar er uovervinnelege, og resignert.

Overtru kan flytta fjell. Takk då Gud for vitskapen, som seier det slik det er. Ein artikkel i vitskapsmagasinet Nature hadde såleis tittelen «Psychology: Red enhances human performance in contests».

Russell A. Hill og Robert A. Barton slår der fast at raudfarge i naturen signaliserer vitalitet, testosteron og dilikt – informasjon til stor nytte for potensielle makar og rivalar. Oppslaget er illustrert med bilete av ein cubansk boksar i den kjende raude landslagsdrakta som slår ned ein blåkledd og meir tafatt konkurrent. «Me har påvist at i fleire sportsgreiner er det å kle seg i raudt knytt til betre sjansar for siger. Desse resultata indikerer ikkje berre at seksuell utveljing har påverka utviklinga når det gjeld menneskeleg reaksjon på fargar, men òg at fargen på draktene må takast omsyn til for å sikra like vilkår i idrett.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement