Bladstyraren har fått sluttpakkeDei som ikkje sit på redaktørkrakken for å tena folket, men for å tena pengar for eigarane.

Dei som ikkje sit på redaktørkrakken for å tena folket, men for å tena pengar for eigarane.

Bladstyraren har fått sparken. No spekulerer han på om han kan kome attende som privatpraktiserande redaktør.
Bladstyraren har fått sparken. No spekulerer han på om han kan kome attende som privatpraktiserande redaktør.
Publisert

Avisredaktørar har vore viktige figurar i norsk historie: Friele, Berner, Thomessen, Tranmæl. Dei hadde ei røyst og ein styrande penn i det offentlege ordskiftet, men dei var også med og forma den politiske utviklinga. Nokre var ihuga framstegsmenn, andre reaksjonære vaktarar av det beståande, men den store hopen la seg ugjerne ut med den kompakte majoritet dersom det truga talet på abonnentar eller inntekter frå annonsar.

FLEIRE BLADSTYRARAR har sett litterære spor etter seg – nokre var sjølv diktarar. Andre blei offer for intense spottedikt og skarpe åtak i romanar og skodespel.

Då dr. Stockmann i Ibsens En folkefiende fann ut at det var noko farleg gale med vatnet i den nye badeanstalten, fekk han ihuga støtte frå den liberale redaktør Hovstad i Folkebudet, men også av boktrykkar Aslaksen som stod bak avisa, for han trudde det kunne brukast mot den politiske høgreleiinga i småbyen.

Men då byfuten troppa opp i bladstova og åtvara om at ei avsløring ville skada dei næringsdrivande og føra til utgifter for skattebetalande småborgarar, snudde boktrykkar Aslaksen. Redaktør Hovstad slutta rekkene og nekta å ta inn Tomas Stockmanns innlegg.

Den soga endar med dr. Stockmanns klassiske: «Den sterkeste mann i verden, det er han som står mest alene.» Slik kan det kjennast når dei som skulle fremja sanning og ytringsfridom, heller vernar seg sjølv og sitt publisistiske kjøpmannskap.

SPALTISTEN har hatt både gode og dårlege bladstyrarar. Dei gode veit mykje og er nyfikne på endå meir; dei vil noko med blekkene sine, omgir seg med sjølvstendige folk, tar det samfunnsmessige redaktøransvaret på alvor og bruker ikkje den om pressa som den fjerde statsmakt berre som ein floskel. Slike finst det stadig færre av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement