Bitre pillerUSA er landet der legemiddelselskapa er frie til å krevje dei prisane dei vil ha. Førre veke fekk vi vite at det sveitsiske farmasikonsernet Novartis hadde betalt 1,2 millionar dollar til Michael Cohen – den private advokaten til Donald Trump –

USA er landet der legemiddelselskapa er frie til å krevje dei prisane dei vil ha.

Helseministeren til Donald Trump, Alez Azar, har bakgrunn frå farmasøytisk industri, og synet han har på medisinprisar, er stikk i strid med alt Trump sa om dette i valkampen.
Helseministeren til Donald Trump, Alez Azar, har bakgrunn frå farmasøytisk industri, og synet han har på medisinprisar, er stikk i strid med alt Trump sa om dette i valkampen.
Publisert

Førre veke fekk vi vite at det sveitsiske farmasikonsernet Novartis hadde betalt 1,2 millionar dollar til Michael Cohen – den private advokaten til Donald Trump – for det som viste seg å vere eitt einaste møte. Like etter la Trump fram ein «plan» for å få ned prisane på medisinar.

Kvifor hermeteikna? Fordi «planen» var nesten tom for substans. (OK, det var nokre idear i han som ekspertar tykte var interessante, men dei var nokså perifere.) I valkampen i 2016 lova Trump å bruke makta til regjeringa, inkludert rolla til Medicare, som betaler for mykje av reseptmedisinane, til å få ned prisane. Men i talen hans førre fredag var ikkje noko av dette nemnt.

Og om nokon prøver å overtyde deg om at Trump verkeleg vil køyre ei hard line overfor farmasiselskapa, finst det eit enkelt svar: Om det var slik, ville ikkje talen hans ha fått aksjekursane til farmasiselskapa til å skyte i vêret.

Ingenting av dette bør vere overraskande. «Trump bryt nok ein populistisk lovnad» er no ei hund bit mann-overskrift. Men det ligg to viktige spørsmål her: Bør styresmaktene i USA faktisk gjere det Trump sa at han ville gjere, men ikkje gjorde? Og om svaret er ja, kvifor har vi ikkje gjort noko med medisinprisane?

Svaret på det første spørsmålet er definitivt ja. USA betaler mykje meir for medisinar enn noko anna stort land, og det er ingen god grunn til at det skal vere slik. Når det gjeld medisinar, er USA den mest lettlurte kunden til farmasigigantane.

Hugs at medisinmarknaden slett ikkje fungerer som i dei enkle tilbod og etterspurnad-historiene som frimarknadsentusiastane elskar. Det vi har, er eit patentsystem der eit selskap som utviklar ein ny medisin, får eit tidsavgrensa, lovleg monopol på å selje medisinen. Det systemet er OK, eller let seg i det minste forsvare, som ein måte å løne nyskaping på. Men ingenting i logikken til patentsystemet tilseier at patenteigarane skal ha høve til å utnytte monopola sine maksimalt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement