Bitcoin kan ende med ein smell, men revolusjonen han starta, vil halde framDei som åtvarar om eit samanbrot, overser det verkelege potensialet til kryptovalutaen.

Dei som åtvarar om eit samanbrot, overser det verkelege potensialet til kryptovalutaen.

Når det gjeld teknologi, er det lurt å ta omsyn til det tenåringane seier, skriv Niall Ferguson.
Når det gjeld teknologi, er det lurt å ta omsyn til det tenåringane seier, skriv Niall Ferguson.
Publisert

For noko over tre år sidan tok eg den verste investeringsavgjerda i heile mitt liv. Det var i oktober. «Du veit vel det, pappa,» sa den då 15-årige sonen min, «du burde verkeleg kjøpe litt bitcoin.» Ja, det stemmer, bitcoin: den nymotens «kryptovalutaen» som er basert på noko mystisk kalla blokkjedeteknologi som vart oppfunne i 2008 av eit like mystisk individ som nytta dekknamnet Satoshi Nakamoto.

«Høyr no her, guten min», sa den allvitande finanshistorikaren, «dette er ikkje måten å investere mine hardt tileigna pund, shilling og pence på.»

Son: «Pappa, kva er shilling?»

Eg: «Ikkje bry deg med det. Poenget er at sidan gamle Mesopotamia har pengar meir og meir har vorte monopolisert av statar. Det er årsaka til at hovudet til dronninga dukkar opp på setlane i lommeboka mi og på myntane i lomma di.»

Son: «Sant å seie greier eg meg utan setlar og myntar no for tida, eg kan betale med telefonen min – sjå her, eg skal vise deg.»

Eg: «Tru meg, regjeringane i verda går aldri med på å late den nasjonale valutaen bli undergraven av ein valuta som alt er blitt nytta til ulovlege ting av kriminelle og kvitvaskarar av pengar.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement