Biodrivstoff er ikkje svaret
Biodrivstoff skulle vera svaret på klimaproblema. I staden gjorde det klimaproblema verre.
I si tid var den fremste forkjemparen for biodrivstoff klimaalarmisten Al Gore. Det er lenge sidan han snudde. I 2011 vedgjekk han at det var «eit mistak» å nytta dyrka mark til å laga drivstoff. Kvifor støtta han det likevel? Han «var litt glad i bøndene i Iowa», som var heilt avgjerande for at han skulle vinna nominasjonskampen i 2000. Men som han òg seier det: «Når eit slikt subsidieregime fyrst er sett i gang, held lobbyistane og interessegruppene det gåande.»
Men tanken er god, den – i utgangspunktet. Når vi brenner og samstundes dyrkar, ja, så er naturen i balanse. Tak oljepalmen, han vert hausta ein gong i månaden. Når vi brenner biodrivstoff frå oljepalmen, tek det altså berre ein månad før den same palmen har teke opp den CO2-en som vart sleppt ut. Billig er det òg. Kostprisen ved å laga ein liter biodiesel frå palmeolje ligg på rundt fire kroner.
Litt verre er det i USA, som produserer store mengder biodrivstoff ved å nytta mais. Der må dei ha rundt sju kroner literen, eller 120–130 dollar oljefatet, før det heile skal løna seg utan subsidiar. Så skal ein fyrst produsera drivstoff med planter, er det utan tvil tropane som er staden. Der veks plantene så utruleg raskt at til dømes Brasil i fleire tiår har nytta etanol som drivstoff.
Handelskrig
Den store biodrivstoffbruken har ført verda ut i ein handelskrig: USA prøver gong etter gong å leggja straffetoll på biomasse og biodrivstoff frå tropane, EU ligg i handelskrig med USA og Canada om biodiesel. Det heile har vorte eit subsidiesirkus. «Alle» vil syna seg som miljøvenlege, og «alle» vil ha eigen produksjon av det som vert oppfatta som klimavenleg. Men så klimavenleg er nok ikkje biodrivstoff. Noko av det mest energiintensive, og dimed klimauvenlege, som finst, er kunstgjødsel. I tillegg kjem det at moderne landbruk er kapitalintensivt, og eit kapitalintensivt landbruk nyttar svære mengder drivstoff, som gjer at vinninga som regel går opp i spinninga. (Eit unnatak her er rett nok palmeolje. Haustinga er svært arbeidsintensiv, og det har kome ei rekkje skuldingar om slaveliknande tilstandar i næringa i Indonesia og Malaysia.) Ei mengd studiar viser at dyrka biodrivstoff basert på moderne landbruk berre reduserer CO2-utsleppa med nokre små prosent.
Men i røynda er det heile mykje verre, og dei som er interesserte, kan med ein gong læra seg forkortinga ILUC, som står for Indirect Land Use Change, eller indirekte endring av bruk av jord. ILUC har eit eige EU-direktiv og er dimed ein del av norsk klimapolitikk, som det meste anna. Å dyrka biodrivstoff fører til at vi må setja nytt land under plogen eller skaffa nye beite for dyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.