Big er grådig, ikkje reddFacebook er eit kraftigare overvakingsverkty enn noko Orwell såg for seg.I George Orwells
Facebook er eit kraftigare overvakingsverkty enn noko Orwell såg for seg.
«Facebook var opphavleg ikkje skapt for å vere eit selskap», skreiv styreleiar og sjef Mark Zuckerberg, då nyskapinga kom.
Foto: Nam Y. Huh / TT / NTB scanpix
I George Orwells 1984 er teleskjermen den primære reiskapen for totalitær overvaking. Han er, med Orwells ord, «ei avlang metallplate om lag som ein matta spegel som utgjorde ein del av overflata til veggen». Apparatet kunne dimmast, men det var ikkje råd å slå det heilt av. «Teleskjermen tok imot og sende samstundes. All lyd Winston laga over nivået til låg kviskring, vart teken opp av skjermen; dessutan, så lenge han var innafor synsfeltet til apparatet, kunne han både sjåast og høyrast. Det var sjølvsagt uråd å vite om du var overvaka på eit gitt tidspunkt (...) Du laut leve – levde, ein vane som vart instinkt – med tanken på at all lyd du laga, vart høyrd, og kvar rørsle registrert, bortsett frå i mørkret.»
Winston Smith («6079 Smith W») veit å vende ryggen til teleskjermen så mykje som mogleg («sjølv om, og det visste han vel, også ein rygg kan vere avslørande») og, når han var vend mot skjermen, ha eit «uttrykk prega av stillferdig optimisme». Under det stirande blikket til apparatet må han ta del i påbodne fysiske øvingar – og teleskjermen skrik til han om han bøyer knea når han tek på tærne sine.
«Det var frykteleg farleg å la tankane vandre når du var på offentlege stader eller innafor rekkjevidda til ein teleskjerm. (...) Å ha eit upassande uttrykk i andletet var i seg sjølv ei straffbar handling. Det var til og med eit eige ord for det i Nytale: ANDLETSBROTSVERK vart det kalla.»
Andletsbrotsverk. I storparten av livet mitt, heilt sidan eg las Orwell som tenåring, har eg takka Vårherre for at eg ikkje enda opp som borgar i Airstrip One som ein træl under Big Brother. Det var ikkje lenge etter året 1984, då eg vitja Sovjetunionen for første gong, at det gjekk opp for meg at ein monaleg del av menneska var i nett ein slik situasjon.
Sovjetarane vanta den teknologiske kunnskapen som skulle til for å lage teleskjermen, men overvakingssystemet deira – basert på tallause skjulte mikrofonar og kamera – gjorde jobben. Alt anna ved sovjetlivet var teke rett ut av 1984, særleg mistilhøvet mellom den høgrøysta propagandaen (dei primitive statistikkane og militærparadane) og det sørgjeleg tarvelege kvardagslivet. For ein letnad det var å kome attende til kapitalisme og demokrati.
Lite visste eg om at det friaste samfunnet i historia – det i Nord-California – alt arbeidde hardt på teknologien som ikkje berre er jamgod med, men overgår teleskjermen som overvakingsreiskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.