Big business haustar etter Trumps kvervelvindDei nære utsiktene til handelskrig ser ut til å skjerpe
Dei nære utsiktene til handelskrig ser ut til å skjerpe sansane.
Før eller seinare måtte noko slikt som Trump skje: ein kandidat som meinte alvor med rasismen, støtta entusiastisk av dei republikanske kjerneveljarane, og som ikkje kunne kontrollerast.
Foto: Jonathan Ernst/Reuters/NTB scanpix
Inntil nyleg verka det ikkje som big business og organisasjonane som representerer interessene deira, tok den proteksjonistiske retorikken til Trump alvorleg. Trass alt hadde selskap investert billionar i trua på at verdsmarknadene ville vere opne, at amerikansk industri ville halde fram med å ha tilgjenge til utanlandske kundar og leverandørar.
Trump ville vel ikkje setje alle desse investeringane på spel?
Jau, det ville han – og den forseinka erkjenninga av at den tøffe praten hans om handel var alvor, har eggja til ein storm av reaksjonar. Store selskap og handelsorganisasjonar sender brev til regjeringa med åtvaringar om at politikken ho fører, vil koste fleire jobbar enn han skaper. Imens har Det amerikanske handelskammeret starta ein annonsekampanje som skal overtyde veljarar om fordelane ved frihandel.
Er det ikkje patetisk? Kven i Trump-administrasjonen er det som skal bry seg om desse breva? Kva trur handelskammeret eigentleg at det vil oppnå med desse annonsane?
Saka er at big business haustar som dei har sådd. Det er inga enkeltsak som har leidd oss til denne forferdelege stunda i amerikansk historie, men tiår med kynisk politikk der næringslivet i USA har spela ei viktig rolle.
Kva eg meiner med kynisk politikk? Til dels meiner eg den stillteiande alliansen mellom næringslivet og dei rike på den eine sida og rasistar på den andre, det vil seie essensen av den moderne konservative rørsla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.