Big business haustar etter Trumps kvervelvind
Dei nære utsiktene til handelskrig ser ut til å skjerpe sansane.
Før eller seinare måtte noko slikt som Trump skje: ein kandidat som meinte alvor med rasismen, støtta entusiastisk av dei republikanske kjerneveljarane, og som ikkje kunne kontrollerast.
Foto: Jonathan Ernst/Reuters/NTB scanpix
Inntil nyleg verka det ikkje som big business og organisasjonane som representerer interessene deira, tok den proteksjonistiske retorikken til Trump alvorleg. Trass alt hadde selskap investert billionar i trua på at verdsmarknadene ville vere opne, at amerikansk industri ville halde fram med å ha tilgjenge til utanlandske kundar og leverandørar.
Trump ville vel ikkje setje alle desse investeringane på spel?
Jau, det ville han – og den forseinka erkjenninga av at den tøffe praten hans om handel var alvor, har eggja til ein storm av reaksjonar. Store selskap og handelsorganisasjonar sender brev til regjeringa med åtvaringar om at politikken ho fører, vil koste fleire jobbar enn han skaper. Imens har Det amerikanske handelskammeret starta ein annonsekampanje som skal overtyde veljarar om fordelane ved frihandel.
Er det ikkje patetisk? Kven i Trump-administrasjonen er det som skal bry seg om desse breva? Kva trur handelskammeret eigentleg at det vil oppnå med desse annonsane?
Saka er at big business haustar som dei har sådd. Det er inga enkeltsak som har leidd oss til denne forferdelege stunda i amerikansk historie, men tiår med kynisk politikk der næringslivet i USA har spela ei viktig rolle.
Kva eg meiner med kynisk politikk? Til dels meiner eg den stillteiande alliansen mellom næringslivet og dei rike på den eine sida og rasistar på den andre, det vil seie essensen av den moderne konservative rørsla.
Lenge såg det ut til at næringslivet hadde dette spelet under kontroll: vinne val ved hjelp av rasistiske hundefløyter, for så å skifte agenda til skattekutt og deregulering. Men før eller seinare måtte noko slikt som Trump skje: ein kandidat som meinte alvor med rasismen, støtta entusiastisk av dei republikanske kjerneveljarane, og som ikkje kunne kontrollerast.
Tom Donohue, leiaren for handelskammeret, offentleggjorde nyleg ein artikkel som klandra Trumps mishandling av born ved grensa, og erklærte at «det er ikkje slike vi er». Sorry, Mr. Donohue, det er slike de er: Du og dine allierte har i fleire tiår styrkt rasistar, og no har de fått rekninga.
Men rasistisk innvandringspolitikk er ikkje det einaste feltet der folk som Donohue står overfor eit monster dei har hjelpt til med å skape.
Når organisasjonar som handelskammeret og tenkjetanken Heritage Foundation erklærer at tollsatsane til Trump er ein dårleg idé, står dei på solid intellektuell grunn: Alle, og då meiner eg alle, økonomiekspertar er einige. Men dei er ikkje truverdige, fordi dei same konservative institusjonane har ført krig mot ekspertisen år ut og år inn.
Den mest openberre saka gjeld klimaendringane, der konservative organisasjonar, med handelskammeret dugeleg inkludert, lenge har verka som «seljarar av tvil» ved å produsere skepsis og stogge tiltak andlet til andlet med overveldande vitskapleg konsensus. For å seie det rett ut: det er ikkje liketil å svinge frå «ikkje høyr på såkalla ekspertar som seier at planeten vert varmare», til «proteksjonisme er ikkje bra – alle ekspertane er einige om det».
Samstundes har organisasjonar som Heritage lenge tala varmt for tilbodsøkonomien, også kjend som voodoo-økonomi – som hevdar at skattekutt vil skape stor vekst og betale seg sjølv – trass i at ingen økonomiske ekspertar er einige i det. Med andre ord har dei alt godteke prinsippet om at det er ok å snakke økonomisk tullprat om det er politisk høveleg. Og no kjem Trump med annleis vrøvl og seier at «handelskrig er ein god ting og lett å vinne». Korleis kan dei overtyde nokon om at hans tullpreik ikkje er bra, medan deira var det?
Men ein handelskrig kan vere berre starten på den sjølvpåførte straffedomen til big business. Mykje verre og meir skremmande ting kan vere i kjømda, for Trump er ikkje berre proteksjonist, han er autoritær òg. Handelskrigar er stygge; ukontrollert makt er langt verre, og ikkje berre for dei som er fattige og makteslause.
Legg merke til at Trump allereie har byrja å truge selskap som har stått i vegen for han. Etter at Harley-Davidson kunngjorde at dei ville flytte delar av produksjonen til utlandet på grunn av forretningskonfliktar, åtvara han om at selskapet kom til å bli «skattlagt som aldri før» – som gjev inntrykk av at han aktar å politisere skatteetaten og nytte han til å straffe enkeltselskap.
Nett no kan han truleg ikkje gjere noko slikt. Men sett at republikanarane beheld kontrollen over Kongressen i november. Er det nokon som trur at dei då vil ta til motmæle mot misbruk av presidentmakta? Republikansk siger i mellomvalet vil utsetje mange menneske og institusjonar for Trumps autoritære instinkt, det gjeld i høg grad big business òg.
Men organisasjonar som handelskammeret og Heritage freistar framleis å sikre republikansk siger. Fram til det ferske fokusskiftet mot proteksjonisme dreiv handelskammeret faktisk ein annonsekampanje (utan suksess, rett nok, men likevel) for å skaffe støtte i folket til Trumps skattekutt. Samanlikn dette med frihandelsannonsane, som ikkje har noko klårt politisk siktemål.
Poenget er at det ikkje berre er verdshandelen som står på spel, men respekten for lov og rett. Og den står på spel fordi big business gav alle prinsipp på båten i jakta på skattelette.
Paul Krugman
Einerett: New York Times /
Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta
annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er inga enkeltsak som har leidd oss til denne forferdelege stunda i amerikansk historie, men tiår med kynisk politikk der næringslivet i USA har spela ei viktig rolle.
Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB