Krig
Bier og forrædarar
Ei fersk historie om internt fordrivne bier frå området kring Bakhmut vekte interessa mi.
Byen Bakhmut hadde 70.000 innbyggjarar før det russiske åtaket på Ukraina. No er det berre om lag 15.000 att.
Foto: Ammar Awad / Reuters / NTB
Førre veke kom friviljuge til Kyiv med heimlause kattar frå dei øydelagde byane ved fronten i Donbas, Bakhmut og Soledar. Nyhende om evakuering av kjæledyr frå krigssona er ikkje lenger eksotiske.
Før krigen var det tusenvis av birøktarar i Donbas. I tillegg til kol har Donbas alltid vore kjent for honningen sin. For to år sidan, trass i tapet av ein del av Donbas og Krym, eksporterte Ukraina over 80.000 tonn honning i året. I dei komande par åra kan vi dessverre gløyme å oppleve ein slik suksess i honninghandelen.
Vi er alt vande med tanken på at kjæledyr kan bli heimlause på grunn av krigen. Men no lyt vi venje oss til tanken på at titusenvis av biekoloniar er blitt heimlause i Donbas og den sørlege delen av Ukraina.
Vanlegvis er det slik at om ein kube vert øydelagd av granatar, vert biene ville og «vender attende» til naturen. Dei svermar frå stad til stad og slår seg ned på veggene til øydelagde bygningar eller på tre, til dei finn ein meir permanent stad i holrommet på eit gamalt tre eller på loftet i eit forlate hus.
Når dei er på utkikk etter ein ny heim, freistar dei samstundes å flykte frå krigen og bråket og øydelegginga som følgjer av han. Dei flyktar ikkje berre fordi pollen som luktar krut, ikkje er særleg freistande, men hovudsakleg fordi bier liker stille – som gjer det råd å høyre summinga frå dei andre.
Men av og til, av gamal vane, hender det at bier som har mista kuben sin på grunn av krigen, trekkjer mot menneska igjen. Dei er vande med å leve nær menneska og med hjelp frå menneska. Om dei ikkje er opphavleg ville, overlever dei ikkje vinteren utan påpasselege birøktarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.