Betre von om kur mot utmatting

Pasientar med kronisk utmattingssyndrom har falle mellom alle stolar, men om nokre år kan truleg dei fleste verta kurerte. Men ikkje på grunn av farmasiindustrien.

Publisert Sist oppdatert

Kronisk utmattingssyndrom (ME) er ein fæl sjukdom for dei som vert råka, og det er helst dei unge, dei som nett har kome ut i arbeidslivet eller skal ut i arbeidslivet, men òg ein del born som vert hardast råka. Kor mange som har sjukdomen i Noreg, veit vi ikkje, men på basis av forsking ved Universitet i Bergen og ymse internasjonale studiar kan vi nokså trygt gå ut frå at ein stad mellom 5000 og 10.000 har sjukdomen, som gjer deg slapp, trøytt, deprimert og fortapt og dimed fører til isolasjon og manglande arbeidsevne. Kostnadene er store og vert større. Dei fleste som får diagnosen, vert uføretrygda; vi kan òg rekna med at mange som er diagnostiserte med andre liding-ar, har sjukdomen. Seier vi at berre 5000 har kronisk utmattingssyndrom og kvar av desse får trygd i storleiken 250.000, er kostnaden for NAV 1,25 milliardar i året. I tillegg kjem kostnadene i helsestellet og tapte skatteinntekter. At sjukdomen kostar fellesskapen over 2 milliardar, er eit konservativt overslag.

Årsakene til sjukdomen har det vorte krangla om sidan han byrja å verta identifisert i 1930-åra. Ei vanleg forklaring er at ulike virussjukdomar i sin tur har ført til utmatting og så kjem ikkje pasientane seg ut av denne utmattinga. Ein del psykiatrar har hevda at sjukdomen er reint psykologisk og at han må behandlast som ei psykisk liding, men den diskusjonen ser langt på veg ut til å vera over. Verdshelseorganisasjonen (WHO) klassifiserer no sjukdomen som ein sjukdom i «nervesystemet», men ingen veit sikkert kva som er årsak til sjukdomen, som vert kalla ME, som på si side står for myalgisk encefalopati (myalgi = muskelsmerter, encefalopati = hjernesykdom).

Sjå til immunsystemet!

Trass i definisjonen frå WHO peikar forsking frå dei seinaste åra meir i retning av at årsaka kan finnast i immunsystemet, den delen av kroppen som skal kjempa mot infeksjonar, men som av og til skyt over mål. Mykje av årsaka til at det er så mykje diskusjon rundt diagnosen, er at ein somatisk diagnose helst bør ha ein eintydig markør for å kunna verta sikkert definert som nettopp den og den lidinga, altså ein klår diagnostisk test. Så langt har det ikkje lukkast å finna ein slik markør for ME. Eit steg nærare eit sikkert reproduserbart funn som kanskje kan nyttast som diagnostisk test, har dei funne ved Haukeland universitetssjukehus. Ei gruppe leidd av kreftlækjarane Olav Mella og Øystein Fluge har funne at ved skanning av hjernen ser ein at pasientar med sjukdomen har ei låg blodgjennomstrøyming i visse område av hjernen.

Finst det ei behandling for sjukdomen? Truleg. Det kjem stadig nye studiar som syner at det finst behandling, behandling-ar som til saman gjer at vi der framme kan vona at dei fleste som har sjukdomen, vert friske eller symptomfrie. Problemet er berre at vi har dårleg tid: Éin ting er at vi kan vona at det kjem kurar eller lindrande behandling; noko anna og vel så alvorleg er dei sosiale konsekvensane. Lediggang fører i seg sjølv til store negative konsekvensar. Om ein står utanfor arbeidslivet i seks månader, viser NAV-statistikkane, er sjansen for å koma attende til arbeidslivet under 50 prosent, etter eit år talar vi om under 10 prosent. Fleire år utanfor utdanning eller arbeidsliv øydelegg så godt som alle sjansar.

Gje oss pengar!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement