Betre digitale kundeopplevingar

Staten er ikkje passiv majoritetseigar i ein tilfeldig landhandel. Upopulære DNB er for stor til å falla.

DNB-sjef Kjerstin Braathen då ho talte på på Noregs første innovasjonsdistrikt, Oslo Science City, i august i fjor. No vil DNB kjøpe Sbanken.
DNB-sjef Kjerstin Braathen då ho talte på på Noregs første innovasjonsdistrikt, Oslo Science City, i august i fjor. No vil DNB kjøpe Sbanken.
Publisert

Finansgiganten DNB ASA vil kjøpa den vesle og brysame konkurrenten Sbanken. (Ja, dei skriv seg faktisk slik etter at dei blei frigjorde frå svenske Skandiabanken og fekk heimstamn i Bergen). Sbanken er ein rein nettbank med Noregs best nøgde og mest lojale kundar; DNB har dei minst nøgde. Mange av kundane i Sbanken har flykta dit for å koma seg unna DNB.

KJERSTIN BRAATHEN, konsernsjef i DNB, har dette å seia om saka: «Nå har vi mulighet til å samle to av Norges råeste komepetanseklynger på digitale kundeopplevelser til et innovativt miljø på tvers av kontorene våre i Bergen og Oslo. Vi kan få til mye mer sammen enn hver for oss, og vi kan skape Norges beste kundeopplevelser – uansett bransje.» Så legg ho til noko om synergieffektar og gjentar den besverjande våbøna både skriftleg og munnleg.

Konsernsjef Braathen blir supplert av talemåtane til Elisabeth Teigland Gjesdahl, leiar av eigedomstenester og arbeidsplassutvikling i DNB: «Vi tror den hybride arbeidsmodellen er en megatrend.» Derfor har dei laga ein hybridpolicy og lagt til rette for arbeid frå ulike lokasjonar. Etter pandemien ser ho for seg meir purposeful attendance – det skal visstnok bety at dei tilsette skal ha ein grunn til å koma på kontoret, men til clean desk og ikkje faste plassar.

NÅR BYRÅSJEFEN høyrer og les slike formuleringar, spenner han den byråkratiske hanen på den språkkulturelle pistolen sin. Han meiner at den slags ikkje er menneskespråk, men innøvde talemåtar for automatiske telefonsvararar og talerobotar, utvikla av konseptteknokratar og slagordsnikkarar. Dei kunne like gjerne ha leia spelselskap eller nettbingo.

Byråsjefen hadde aldri tillit til leiinga i DNB og forlauparane deira, som var innavla vandrepokalar frå den industrielle «Aker-skulen». Der var mottoet at leiing var eit fag, og at den som kunne leia, kunne leia kva som helst. Det blei ført vidare av Rune Bjerke frå arbeidarpartinomenklaturen, som var «en av direktørvenna til Jens» etter å ha vore sekretær for han i Oslo-partiet.

DNB ER INGEN tilfeldig landhandel. Banken er liten i den internasjonale finansverda, men stor i superligaen i skipsklassen. Når norske reiarar siglar skattefritt mellom paradisøyer, er DNB om bord. Dei har også hatt sine eigne svin på skogen i Luxemburg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement