JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Berlinske tilstandar»

BERLIN: Kriminelle arabiske storfamiliar står bak 25 prosent av kriminaliteten i Tysklands hovudstad.
Dei siste månadane har valden auka på, og politi og bydelspolitikarar krev bruk av sterkare verkemiddel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Berlin: Bilen med kista til den myrda palestinske klanmedlemen Nidal L. på veg til gravplassen Neuer Zwölf-Apostel-Friedhof i Berlin, der 2000 menn og kvinner møtte opp for å heidra han.

6885
20180928
6885
20180928

Tyskland

sjurhabring@gmail.com

Tyskarane treng ikkje å syna til Sverige for å peika på lovlause tilstandar: «Zustände wie in Berlin», «berlinske tilstandar», er blitt eit omgrep dei gjerne nyttar på område der rettsstaten kjem til kort. Det ein siktar til, er særleg situasjonen i bydelen Neukölln sør i Berlin, der nærare halvparten av innbyggjarane har migrasjonsbakgrunn og rivaliserande arabiske storfamiliar har delt opp kvartala mellom seg. Dei 10 til 15 klanane har sidan 1980-åra organisert narkotikahandel og prostitusjon og drive med utpressing og valdelege overfall lokalt; ifylgje Berlins nye politisjef Barbara Slowik står dei bak ein fjerdedel av den samla kriminaliteten i hovudstaden. Men dei siste åra har dei òg utmerkt seg med stadig meir spektakulære ran og innbrot, både i Berlin og i andre tyske byar. Tendensen er at kriminelle utbytte i større grad blir investerte i legale føretak i Tyskland og i heimlanda i Midtausten.

Filmatiske kvalitetar

Lista over profesjonelt førebudde og gjennomførte brotsverk er lang, og somme av dei har filmatiske kvalitetar – som då tre medlemer av den libanesiske klanen Remmo i mars i fjor stal den 100 kilo tunge gullmynten «Big Maple Leaf» frå Bode-museet i Berlin. Mynten, som hadde ein gullverdi på 35 millionar kroner, er truleg blitt saga opp i bitar, for det einaste sporet politiet har av han, er gullstøv.

Eit anna kjent kupp stod den palestinske Abou-Chaker-familien for i 2010. Med skytevåpen og machetar tok fire klanmedlemer seg inn til ei pokerturnering på luksushotellet Grand Hyatt Berlin, der dei rana til seg nærare 2,5 millionar kroner. Berre småpengar av utbyttet er sidan komne til rette.

Også den Neukölln-baserte kurdisk-libanesiske Al-Zein-klanen har spektakulære ran bak seg, som då fem bandemedlemer midt under julehandelen i 2014 tømte luksusvarehuset KaDeWe (Kaufhaus des Westens) for ur, smykke og juvelar til ein verdi av 8 millionar kroner. Det tok berre 79 sekund frå brotsmennene tok seg inn i det travle Berlin-kjøpesenteret til dei var ute att.

Reine avrettingar

Stadig blir det rapportert om nye skyteepisodar og masseslagsmål i vasspipestover, kebabkioskar og internettkafear i Berlin. Men når det kjem til usemje mellom klanane, gjennomfører dei òg regelrette avrettingar på open gate.

Dette blei lagnaden til ein 36 år gamal notorisk kriminell palestinar som blir omtalt som Nidal L. i pressa: Ein sundagsettermiddag tidlegare denne månaden var han undervegs saman med kone og barn for å kjøpa is frå ein isbil i nærleiken av Tempelhofer Feld. Dette flyplassområdet til den tidlegare lufthamna Tempelhof er ein av dei mest populære utfluktsstadane i Berlin sentrum. Framfor augo til familien og fleire hundre forbipasserande blei han drepen med skot i ryggen og hovudet frå kloss hald av tre menn, som deretter flykta i bil. Fleire av skota trefte isbilen, som var omringa av barn. Utruleg nok kom ingen andre til skade.

Nidal L. kom til Tyskland i byrjinga av 1980-åra. Han starta den kriminelle karrieren sin som tiåring, sat ein tredjedel av livet i fengsel for nærare hundre brotsverk og var ein av Berlins mest illgjetne og frykta kriminelle – men òg ein av Berlins mest ovundra. For då han blei boren til grava to dagar etter, sveipt i det palestinske flagget, møtte 2000 menn og kvinner opp, i tillegg til 150 tungt væpna politifolk.

Luksusbilar på trygd

Dei siste månadane har valden mellom klanane auka. Det kan ha med skiplinga av maktstrukturane i klanmiljøa å gjera, utløyst av ein serie razziaar og kverrsetjingar gjennomførte av tyske styresmakter. Den største av dei råka den alt nemnde libanesiske Remmo-klanen (dei som stod bak gullmynttjuveriet) i juni, då 77 bustadar i Berlin til ein verdi av 100 millionar kroner blei kverrsette, i tillegg til kontantar og luksusbilar.

Politiet gjorde seg bruk av ei ny lov som tredde i kraft i fjor, og som snur om på provskyldnaden i saker der det er mistanke om kvitvasking: Det er ikkje lenger påtalemakta som må kunna prova at pengane til ein mistenkt stammar frå illegal verksemd; det er den mistenkte sjølv som må føra prov for at pengane er skaffa til vegar legalt. Politiet synte til at fleire av dei mistenkte i «Remmo»-klanen gjekk på trygd. Likevel hadde dei kjøpt seg luksusbustadar og limousinar i hopetal.

Rasistiske motiv

«Rettsstaten har på ny synt kor sterk han er. Me trakkar dei kriminelle på tærne og rammar dei der det smertar mest, nemleg på pungen», uttalte Innensenator (innanriksministeren for delstaten Berlin) Andreas Geisel frå SPD til avisa Der Tagesspiegel den gongen.

Men mange vanlege politifolk som til dagleg skal hanskast med dei kriminelle storfamiliane, tykkjer slike triumferklæringar er tomme ord. Politifolk blir filma og truga på gata, og klanmedlemer ventar i limousin framfor privatbustaden deira og skulen til barna deira. Til same avis uttalar ein anonym polititenestemann i Berlin: «Me har kjensla av at arbeidet vårt ikkje har reell politisk stønad, for går me til aksjon mot storfamiliane, blir me gjerne tillagde rasistiske motiv.»

Førre helg konfrontert av avisa Die Welt minister Geisel med den påståtte maktesløysa til politiet andsynes tilhøva i Berlin. Geisel fortalde at han neste år skal til Libanon for å forhandla om retur av klanmedlemer med libanesisk pass som oppheld seg ulovleg i Tyskland, kriminelle som sender pengar til forretningane sine i Beirut. «Det undergrev rettsstaten når arabiske storfamiliar kan bryta lova ustraffa; det er ein fare for demokratiet», sa han til Die Welt.

silkehanskepolitikk

Men for andre politikarar er ikkje Geisels lovnadar nok. Både Berlins minister for ungdom og oppvekst, Sandra Scheers frå SPD, og Falko Liecke frå CDU, som er byråd for ungdom og helse i problembydelen Neukölln, krev «maksimalt hard reaksjon». Dei stør begge eit framlegg om å gje styresmaktene høve til å ta barna frå storfamiliane og plassera dei i trygge omgjevnadar gjennom barnevernet. Liecke meiner det handlar om førebygging. Han syner til fleire døme på «klanbarn» i Neukölln som blir kriminelle alt før dei når tenåra. «Me lyt ta frå familiane luksusbilane, møblane, husværa, eigedomane, Rolex-klokkene – og, om det er naudsynt, ungane. Elles lærer dei ikkje. Dei ser på systemet vårt som svakt, lite motstandsdyktig og lite konsekvent», seier han til avisa Welt am Sonntag.

Liecke meiner det vil vera katastrofalt om presset mot klanane ikkje held fram med å auka i styrke. Då vil dei atter oppfatta staten som makteslaus: «Silkehanskepolitikk fungerer ikkje.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Me lyt ta frå familiane luksusbilane, husværa, Rolex-klokkene og – om naudsynt – ungane.

Falko Liecke, byråd i Berlin-Neukölln

Emneknaggar

Fleire artiklar

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Mangel på personell kan bremse Forsvaret

Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.

Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.

Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Slaktar skular med sparekniv

Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.

Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.

Alle foto: Håvard Rem

ReportasjeFeature
Håvard Rem

Sekstiåttarkryptonitten

SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur

Ei ekstremt brutal historie

Med den monumentale boka Sjøfareren. En reise gjennom Portugals tapte imperium har Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis