Politikk

Bergingsaksjon for distrikta

Victor Norman har sett diagnose på Distrikts-Noreg. Vi har 10–20 år på å sprøyte inn nytt blod, meiner han.

Det er ei ønskt utvikling at folk vert eldre, men når dei unge vert færre, får distrikta eit problem.
Det er ei ønskt utvikling at folk vert eldre, men når dei unge vert færre, får distrikta eit problem.
Publisert Sist oppdatert

Fredag 4. desember overleverte utvalsleiar Victor Norman, tidlegare statsråd og til vanleg professor ved Noregs handelshøgskule i Bergen, ei utgreiing om konsekvensane av demografiutfordringane i distrikta til distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H). Norman-utvalet set ord på utfordringane og kjem med forslag til løysingar.

– Dei siste dagane har vi høyrt deg seie at distrikta kan verte til ein gamleheim og deretter til ein kyrkjegard. Kan du utdjupe det?

– Problemet er at befolkninga i distrikta i Noreg i gjennomsnitt er blitt så gammal og så lita at ho ikkje er i stand til å reprodusere seg sjølv. Med mindre vi får påfyll av unge, er folketalet dømt til å gå ned. Dette er nytt. Distrikta har tradisjonelt vore ein fødemaskin for byane, og tenkinga har vore at vi har ungdom på jakt etter jobb. Framskrivingar fram til 2040 viser at den perioden er slutt. Fram til 2040 vil det verte ein kraftig vekst i talet på personar over 60, og ein tilsvarande nedgang i personar under 60 år. Befolkninga vil stabilisere seg, fordi folk i den alderen ikkje flyttar ut i særleg grad. Dette er ein situasjon som, i det lange løpet, vil føre til at distrikta vert ein gamleheim og deretter ein kyrkjegard.

– Det har lenge vore kjent at vi vert fleire eldre per person i yrkesaktiv alder. Kvifor har ikkje krisetiltak vorte sette inn for å berge distrikta tidlegare?

– Aldringa skjer i heile landet, men i heile landet får vi befolkningsvekst. I Noreg er vi i stand til å reprodusere oss sjølv, og litt til. I distrikta har vi alt fått ei eldrebølgje; så får vi den generelle eldrebølgja på toppen. Så har mange distriktskommunar klart seg brukbart likevel, fordi ein liten straum flyttar frå sentrum til periferi, og fordi nokså stor innvandring har gjeve distrikta eit pusterom. No er det nesten slutt på innvandringa, og landa i Aust-Europa har same problem som oss… Du spurde kvifor ein ikkje har gjort noko?

– Ja?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement