Beretning om eit lenge varsla fallI eit transaksjonsanalytisk perspektiv er kjønnsmarknaden skjemt av perverterte mekanismar.

I eit transaksjonsanalytisk perspektiv er kjønnsmarknaden skjemt av perverterte mekanismar.

Kulturminister Trond Giske framfor Rockheim, Det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock, i Trondheim i 2009.
Kulturminister Trond Giske framfor Rockheim, Det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock, i Trondheim i 2009.
Publisert

Fenomenet Trond Giske (51) er eit hissande tema. Mange bidrar med observasjonar om pågåande flørting, bidrar med hardnakka rykte og kjenner grove historier som får det til å grøssa – også i hardbarka sjeler som veit at politikk ikkje er ein sart søndagsskule.

Spede forsøk på forståing og forklaring av sakas forgreiningar taper for forarging og fordømming. Moralen er at Giske har misforstått rolla si og brukt posisjonen sin til å fiska i oppdrettsanlegg. Tafsing, tukling, tusking og taktikk på nachspiel har vore ein del av nettverksbygginga hans. Med sin modus operandi gjennom mange år, som han sjølv kallar «min tidligere atferd», har Giske bygd opp til sin eigen undergang. Nå får han som fortent etter at #MeToo har varsla eit paradigmeskifte i det som i den kinesiske kalenderen er grisens år.

BYRÅSJEFEN ser giskesaka i eit transaksjonsanalytisk perspektiv. Det handlar om byte av varer og tenester, kjøp og sal, tilbod og etterspurnad. Det tykkjer han er heilt greitt i ein fri marknad, men på kjønnsmarknaden er det mange perverterte mekanismar. Mektige menn kan ha så dårleg sjølvinnsikt og friviljug mangel på dømmekraft at dei forvekslar sjarm og erotisk tiltrekningskraft med the sex appeal of power. Både groupies og sterke kvinner kan bli tiltrekte av rikdom, makt og posisjon.

Byråsjefen sjølv har aldri løyst skot, aldri vore utru mot kona si og aldri smakt alkohol, for han veit at menneskenaturen er veik, og at ånda av og til ikkje er heilt uviljug (fritt etter Matt 26,41). Han minnest med skrekkblanda fryd vikaren som alltid gjekk heilt innpå når dei var på tomannshand, stakk beinet inn mellom knea hans og talte med intim røyst. Derfor er han varsam i all si ferd, for han veit at gamle grisar er blinde for si eiga kroppsvekt og ikkje kjenner tyngda av slaktevekta.

For å unngå å bli lokka ut i freisting, hamna i sosialt ubehag, koma i skuld eller ha tilgodelappar i jobbsamanheng held Byråsjefen minst ei armlengds avstand. Han dansar aldri på avdelingsfestar, men han sluttar ikkje å møta fram, og han held ut lenge, for utpå natta er det alltid mykje forvitneleg å sjå og høyra. Bak den moralske maska har han etterpå stor glede av å spekulera i underlege sengekameratar, legga saman to og to og tolka endra nettverk og opprykk og nedrykk i formelle og uformelle hierarki. Med sitt kyniske sinnelag ventar og vonar han at lauslivnaden skal få konsekvensar og straffa seg.

VERTINNA har støytt på mange mannsgrisar i si tid, og ho har skremt dei alle. Om eit nei ikkje var nok, og heller ikkje ein øyrefik, tydde ho til ballespark. Men ho har også sett kvinnfolk som har egla seg inn på menn med makt ­– både med smigrande og rosande ord og med påtrengande kroppsspråk. Utan slike manøvrar hadde dei ikkje kome dit dei er, anten fordi dei har fått si lønn, eller fordi dei har noko på menn dei har lokka. Vertinna meiner å vita om kvinner som har lege seg til jobbar og verv, men også at dei er få i høve til menn som har brukt sin posisjon til å sjekka opp og nedlegga kvinner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement