JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Berekraft i det blå

I Havpanelet har Solberg-regjeringa lova 100 prosent berekraftig bruk av dei norske havområda. Ho vil òg ha meir leiteboring, meir oppdrett og har opna for gruvedrift på havbotnen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
PÅ reisa si til Førde og Florø 3. august rakk statsminister Erna Solberg å halde ein regnbogeaure frå eit oppdrettsanlegg. Oppdrett er ei av havnæringane som skal vekse i åra framover, meiner regjeringa. Dette er òg ei næring som får mykje kritikk for mangel på berekraft.

Foto: Fredrik Solstad / VG / NTB

9725
20210903
9725
20210903

Miljø

peranders@dagogtid.no

Norske regjeringar likar å engasjere seg for gode saker ute i verda. Og eitt av dei internasjonale prestisjeprosjekta til Solberg-regjeringa ber namnet «Det internasjonale høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi», oftast berre kalla Havpanelet, og vart sett i gang i 2018.

Dette er eit samarbeid mellom 14 kyststatar som til saman rår over 40 prosent av kystlinene i verda og skal «skape internasjonal forståelse for at bærekraftig bruk av havet og god miljøtilstand gir høy verdiskaping». 240 forskarar har arbeidd med det faglege grunnlaget, og i desember i fjor la panelet fram konklusjonane sine. Med utgangspunkt i denne kunnskapen har så Noreg og dei andre 13 landa forplikta seg til «en bærekraftig forvaltning av 100 prosent av sine hav- og kystområder innen 2025».

Om vi tek ordet «berekraft» alvorleg, er dette mildt sagt eit ambisiøst mål. Erna Solberg har ofte vist til at Noreg har mykje å lære andre land om berekraftig forvalting av havet. «Norge vil ta en lederrolle i globale havspørsmål», heiter det på nettsida til regjeringa. Men kor god er eigentleg den norske havforvaltinga, sett opp mot råda frå forskarane i havpanelet?

Veikt vern

Først skal vi sjå på spørsmålet om vernesonar i havet. I den store sluttrapporten som forskarane i havpanelet la fram i desember, er rådet å verne heile 30 prosent av havområda i verda.

Noreg har slett ikkje vore nokon føregangsnasjon når det gjeld marint vern. Alt i 2004 fekk regjeringa laga ein marin verneplan, men oppfølginga har gått svært sakte. Til no er berre 5 prosent av det norske sjøarealet verna. Og det er eit nokså svakt vern det er snakk om, sidan det mellom anna er lov å drive yrkesfiske i desse områda.

I 2018 melde Noreg inn seks marine verneområde og fire marine nasjonalparkar som verna til FN. I vår undersøkte forskarar ved Havforskingsinstituttet statusen for desse områda, og dei fann ut at det Noreg hadde meldt til FN, ikkje var rett. Nasjonalparkane og verneområda var registrerte i dei strengaste vernekategoriane, noko som inneber «strengt vern utan haustingsaktivitet». Desse områda skulle altså vore verna mot alle typar fiske.

«Vi sender et feil signal om hvor godt Norge beskytter sine hav og kystområder. Vi må være mer ærlige. Norge har på langt nær så strengt vern som vi kommuniserer internasjonalt», sa forskar Alf Ring Kleiven ved Havforskingsinstituttet til NRK i april.

I tillegg til desse verneområda er det innført trålforbod i ein del særleg verdifulle område til havs, til dømes med korallrev. Men dette vernet er ikkje til hinder for anna utnytting – som leiteboring etter olje og gass.

Inga leiting

Og akkurat det er blant dei mest sensitive emna som forskarane til Havpanelet har teke opp, eit tema som går rett inn i ordskiftet i Noreg. I rapporten skulle forskarane gje råd om korleis all bruk av havet kan bli berekraftig. Den største havnæringa både i Noreg og i verda er olje- og gassutvinning. Og når det gjeld leiteboring offshore, fann forskarane rett og slett ikkje plass til det i ei berekraftig framtid.

Klimapolitikk er havpolitikk, sidan klimagassutsleppa gjer hava varmare, surare og fattigare på oksygen. Og det er allereie funne nok fossile energireservar til å varme opp verda med meir enn to gradar celsius. I sluttrapporten deira konkluderer dei slik: «Vidare eller auka leiting etter olje og gass offshore er konseptuelt vanskeleg å tilpasse ein definisjon av ein berekraftig havøkonomi.» Forskarane vel difor å utelate heile temaet frå den vidare diskusjonen – det har ingen plass i ei berekraftig havforvalting.

Paradoks

Samstundes har Solberg-regjeringane dei siste åtte åra ført ein svært offensiv leitepolitikk på norsk sokkel, og dei har opna for leiting mykje lenger nord i Barentshavet enn før. Mange har påpeika det paradoksale ved denne politikken. I desember i fjor fekk Solberg eit innlegg på trykk i prestisjemagasinet Nature, der ho erklærte målet om 100 prosent berekraftig bruk av havet innan 2025. Ho fekk raskt svar i Nature frå Henrik Österblom og Robert Blasiak, to av forskarane som har arbeidd med det faglege grunnlaget for Havpanelet, som skreiv at dei var djupt uroa.

Berre veker etter erklæringa frå Havpanelet lyste Noreg ut 61 nye lisensar for olje- og gassleiting, påpeika Österblom og Blasiak. «Denne typen ’business as usual’ er stikk i strid med dei lovnadene statsminister Erna Solberg la fram i Nature», påpeika dei. «Vi ønskjer at arbeidet vårt skal bringe kunnskap til politikken, ikkje ’vitskapsvaske’ politikken», skreiv dei to.

Havgruver

Dei to forskarane arresterte òg Solberg på eit anna omstridt punkt, nemleg mineralutvinning på havbotnen. I hovudrapporten frå Havpanelet heiter det at konsekvensane av slik utvinning er svært lite kartlagde, og det kan kome i konflikt med berekraftmåla til FN. Også denne typen verksemd er «vanskeleg å sameine med definisjonen av ein berekraftig havøkonomi», heiter det i rapporten.

Men kva gjorde Solberg-regjeringa nokre få veker etter at rapporten frå Havpanelet vart lagt fram? Da sende ho ut på høyring eit konsekvensutgreiingsprogram for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel.

Det er ikkje dermed sagt at det faktisk blir slik gruvedrift på havbotnen: Kanskje vil utgreiinga vise at konsekvensane for livet i sjøen blir for alvorlege. Men Solberg-regjeringa har i alle fall uttalt seg entusiastisk om denne nye næringa. «Regjeringen vil legge til rette for undersøkelse og utvinning av mineralforekomster på norsk kontinentalsokkel», heiter det på nettsidene til Olje- og energidepartementet.

Riper i lakken

Kva med fiskeria? Norsk fiskeriforvalting blir gjerne omtalt som verdsleiande, og sidan 1970-åra har dei norske fiskebestandane stort sett blitt hausta på berekraftig vis. Men dei siste åra har glansbiletet slått sprekkar. Det nordeuropeiske samarbeidet om forvaltinga av makrell, sild og kolmule har langt på veg rakna, og summen av dei kvotane kvart land tildeler fiskarane sine, er no langt større enn det forskarane tilrår. Dette er i strid med det Noreg har forplikta seg til i erklæringa til Havpanelet, der det heiter at «havforvaltning må baseres på den beste tilgjengelige vitenskapen og kunnskapen».

Denne kvotegaloppen er slett ikkje berre Noregs skuld, her ber òg Island, Færøyane og Storbritannia mykje ansvar. Og bestandane av makrell, sild og kolmule ser så langt ikkje ut til å vere i fare. Men like fullt er dette ei ripe i lakken for norsk fiskeriforvalting, og norsk makrell og vårgytande sild har no mista godkjentstempelet frå organisasjonen Marine Stewardship Council. MSC-merkinga skal garantere at fisken kjem frå berekraftig fiske, og er viktig i store europeiske marknader som Tyskland og Storbritannia.

I tillegg er det skjer i sjøen også for skreifisket i Nord-Noreg. Skreibestanden i Barentshavet har vore sterk lenge, problemet er den svake bestanden av kysttorsk. I det nordnorske kystfisket etter skreien blir det òg teke ein god del kysttorsk. Og fordi Noreg ikkje har ein plan på plass for å byggje opp att kysttorskbestanden, har også skreien mista MSC-sertifikatet sitt.

Laks og lus

Så er det oppdrettsnæringa. Rapporten frå Havpanelet slår fast at verda kan få mykje meir mat frå havbruk enn i dag. Men det store vekstpotensialet rapporten skildrar, ligg ikkje i laks eller andre rovfiskar, til det er det for lite fiskemjøl og fiskeolje i verda. Det store potensialet ligg i artar lenger nede i næringskjeda, som tang, tare, muslingar og andre artar som ikkje treng fôring. Og som på andre felt er altså kriteriet at alle typar akvakultur må drivast berekraftig, anten det gjeld utslepp til sjø eller produksjonen av fôret.

Om den norske oppdrettsnæringa er berekraftig, er eit mildt sagt omstridd spørsmål. Den årlege risikovurderinga frå Havforskingsinstituttet gjev ikkje noko klart svar, men dokumenterer at næringa kan skade livet i sjøen på ei rekkje måtar. Lus og rømd oppdrettsfisk påverkar villaksen negativt, lusemiddel kan skade krepsdyr, kopar frå nøtene kan ureine botnen under merdane, og årleg blir nærare 20 millionar ville leppefiskar fanga og forbrukte som luseetarar i merdane. Om dette er berekraftig? Det kjem an på auget som ser.

Gruveavfall

Eit siste døme på at forvaltinga av sjøen i Noreg ikkje alltid er openbert berekraftig, er den norske aksepten for dumping av gruveavfall i sjøen. Berre to andre land i verda tillèt gruvedeponi, Papua Ny-Guinea og Tyrkia.

I Repparfjord har selskapet Nussir fått løyve til å dumpe to millionar tonn gruveslam frå kopargruva si i fjorden kvart år, trass i faglege innvendingar frå Havforskingsinstituttet. Men for ei veke sidan trekte den avtalte kjøparen av koparen, det tyske selskapet Aurubis, seg frå kontrakten med Nussir. Årsaka var at berekraftkriteria til Aurubis ikkje var oppfylte – sjølv om dei var det i auga til norsk forvalting.

Det står att å sjå korleis arbeidet til Havpanelet kan påverke norsk havforvalting i åra som kjem. Om lovnaden om 100 prosent berekraftig bruk skal tolkast strengt, vil det truleg krevje strenge tiltak og dramatiske omstillingar. Men mange av utsegnene til Erna Solberg om panelet legg vekta på nytteverdien av havet til menneskelege føremål, ikkje på vern. «Vi har altfor lenge oppfattet at det er en motsetning mellom beskyttelse av havet og produksjon fra havet. Det gjør vi ikke lenger», sa Solberg da hovudrapporten frå havpanelet vart lagt fram i desember i fjor.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi har altfor lenge oppfattet at det er en motsetning mellom beskyttelse av havet og produksjon fra havet.»

Erna Solberg

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis