Ber om auke i norsk mjølkeproduksjonTine avviser at ønsket om å auke mjølke- produksjonen neste år, har noko med den internasjonale smørkrisa å gjere.
Tine avviser at ønsket om å auke mjølke- produksjonen neste år, har noko med den internasjonale smørkrisa å gjere.
Den norske meierimarknaden er relativt skjerma, og nordmenn merkar difor lite til auken i verdsmarknadsprisane på smør.
Johnny Ødegård, som er direktør for eigarkontakt og næringspolitikk i meierikonsernet Tine, seier dei framleis dekkjer den norske etterspurnaden etter smør med norsk vare, og at dei prøver å halde prisane meir stabile enn i Europa elles.
Denne veka bad Tine likevel om at norske mjølkebønder skal produsere meir mjølk neste år enn dei gjer i år. Det skriv Nationen. Medan bøndene i år har fått levere 0,98 prosent av mjølkekvotane for kumjølk, bør dei neste år levere 0,99 prosent av kvotane for å unngå at det vert for lite feitt til å kunne sikre produksjonen av smør av norsk mjølk i 2019.
Tilrådinga har ikkje noko med smørsituasjonen i Europa å gjere, ifølgje Ødegård.
Tine avviste nyleg overfor E24 at meierikonsernet har kunna selje smør eller andre mjølkeprodukt til Europa som følgje av dei høge prisane internasjonalt.
– Vi vil alltid prioritere dei norske forbrukarane fyrst og sikre at vi har nok smør til den norske marknaden, seier kommunikasjonsdirektør Lars Galtung i Tine til nettavisa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.