Beiter oss til betre tider
Kan kua berge klimaet?
Kva om vi kunne lagre karbon i jorda like godt som under havet – utan enorme investeringar og endelause forhandlingar? Eller – kva om vi kunne ete så mykje raudt kjøt vi ville med godt samvit både for dyra, miljøet og vår eiga helse? Trur vi på det?
Det var i det minste bodskapen frå konferansen Putting Grasslands to Work førre veke. Storbyen London var vald som scene for diskusjonar kring beitelandskap, ørkenspreiing, kjøtproduksjon og – det alt dette handlar om – jord.
Arrangøren Savory Insititute er oppkalla etter stiftaren – den zimbabwiske biologen Allan Savory.
–?Jordbruket er den mest destruktive næringa vi har, seier Allan Savory på konferansen.
–?Dessverre har vi ikkje noko val: Vi greier oss ikkje utan. Då må vi sjå på kva jordbruket gjer for oss.
Jordbruket har skuld i ein viktig del av dei globale klimagassutsleppa. Sjølv om vi kutta alle andre utslepp, men held fram med å drive jordbruk slik vi gjer no, ville vi framleis tilføre karbon til atmosfæren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.