Baronesse får forskingsprisOnora O'Neill (75) har revolusjonert forståinga av Kant og stått i bresjen for brexitkritikken. No får ho årets Holbergpris.
Onora O’Neill (75) har revolusjonert forståinga av Kant og stått i bresjen for brexitkritikken. No får ho årets Holbergpris.
Onora O’Neill har vunne årets Holbergpris, ein internasjonal forskingspris til framifrå forskarar. Foto: Martin Dijkstra
Foto: Martin Dijkstra
Eg sat i huset mitt i Nord-Irland då eg fekk melding frå Holbergkomiteen. Eg trudde det var ein akademisk rutineførespurnad, og svara at dei kunne ringje meg att måndag, seier baronesse og professor i filosofi, Onora O’Neill då Dag og Tid ringjer.
O’Neill har ei imponerande merittliste. I tillegg til at ho er baronesse og uavhengig medlem i det britiske Overhuset, har ho drive med forsking på etikk, menneskerettar og tillit.
– Ikkje noko tillitskrise
I sine yngre dagar studerte O’Neill ved Oxford University, så tok ho doktorgraden ved Harvard – med den kjende filosofen John Rawls som rettleiar. Sidan har ho blitt professor, rektor, president i British Academy og dessutan forfattar av ei rekke bøker.
– I dag er det mykje snakk om at folk har mista tilliten til demokratiet, politikarar og media. Er vi inne i ei tillitskrise?
– Mange trur det, men det finst ikkje gode bevis. Det vert synt til meiningsmålingar, men dei er ikkje gode å estimere, fordi dei er overflatiske og stiller ikkje dei same spørsmåla over lengre tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.