BarnevernmysterietKvfor har barnevernet i Noreg vekt så mykje sinne i så mange land?BarnevernPer Anders Todal

Kvifor har barnevernet i vesle Noreg vekt så mykje sinne i så mange land?

Demonstrasjon mot norsk barnevern i Sibiu i Romania i 2016. Ei barnevernsak i Naustdal utløyste demonstrasjonar i kring 20 land.
Demonstrasjon mot norsk barnevern i Sibiu i Romania i 2016. Ei barnevernsak i Naustdal utløyste demonstrasjonar i kring 20 land.
Publisert

Det norske ordet «barnevernet» har blitt eit internasjonalt omgrep dei siste åra. I ei lang rekkje land, frå Russland og Romania til India og Tyrkia, har barnevernet i Noreg fått svært hard kritikk. Det har vore diplomatiske protestar og demonstrasjonar ved norske ambassadar, og gong på gong blir Noreg framstilt som eit land der foreldre blir fråtekne barna sine på urimeleg eller uforståeleg grunnlag.

Mange av åtaka inneheld groteske skuldingar og konspirasjonsteoriar: Den tsjekkiske presidenten har samanlikna norsk barnevern med det nazistiske Lebensborn-programmet, på grunn av ei sak der ei tsjekkisk mor mista omsorgsretten i Noreg. I ein litauisk TV-kanal vart det hevda at norske styresmakter nyttar barnevernet for å skaffe utanlandske barn for å styrke genmaterialet i Noreg. Men i tillegg til slike ville skuldingar har norsk barnevern òg fått kritikk i form av krasse reportasjar på britiske BBC.

På onsdag gjekk barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland offensivt ut i forsvaret sitt av barnevernet. Ho kalla Noreg eit føregangsland i å verne barn mot vald og overgrep: «Andre land vil komme etter oss, både når det gjelder lovregulering og holdninger», sa Helleland.

Men sjølv om mykje av den utanlandske kritikken mot norsk barnevern er openbert urimeleg, kan det likevel tenkjast at det ligg noko bak dette fenomenet som det er verdt å granske nærare. Dette er eit forsøk.

Nordiske ideal

Ei grensedraging først: Denne artikkelen kjem ikkje til å hevde at det norske barnevernet er vondsinna, heller ikkje at barnevernet aldri gjer feil. Her kjem inga drøfting av vurderingane som er gjorde i einskildsaker, heller ingen konklusjonar om at omsorgsovertaking skjer for ofte eller for sjeldan i Noreg. Denne saka spring ut av ei enkel undring: Kvifor er det det norske barnevernet som har fått så mykje kritikk internasjonalt, ikkje barnevernstenestene i dei landa som liknar mest på Noreg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement