Barentshavet

Etter 37 år med oljeleiting har ikkje Barentshavet gjeve ei skattekrone i nettoinntekt til den norske staten. Likevel vil regjeringa satse hardare på boring i nord enn nokon gong.

Goliat-utbygginga til selskapet Eni vart langt dyrare enn planlagt, og feltet er neppe lønsamt med dagens oljepris. Dette er det einaste oljefeltet i produksjon i Barentshavet. Foto: Eni Norge
Goliat-utbygginga til selskapet Eni vart langt dyrare enn planlagt, og feltet er neppe lønsamt med dagens oljepris. Dette er det einaste oljefeltet i produksjon i Barentshavet. Foto: Eni Norge
Publisert Sist oppdatert

«No må vi køyre på litt», sa olje- og energiminister Terje Søviknes muntert på pressekonferansen sin førre måndag. Regjeringa køyrer hardt, og ho køyrer mot nord. Søviknes foreslo å lyse ut heile 93 nye blokker i Barentshavet for leiteboring, inkludert område både lenger nord og lenger aust enn nokon gong før. Dei nordlegaste blokkene strekkjer seg heilt inntil den verna 65-kilometerssonen kring Bjørnøya. Den endelege utlysinga skal skje i juni.

Forslaget har vekt sterke protestar frå miljøorganisasjonane. Dei nordlegaste blokkene ligg nær både iskanten og fuglefjella på Bjørnøya, opprydding etter oljesøl i Barentshavet vil vere svært krevjande, og nokre av blokkene overlappar med fleire av dei beste fiskefelta i norsk økonomisk sone.

Men sjølv om ein legg alle miljøomsyn til side, og ser kjølig på dei økonomiske interessene til den norske staten og dermed det norske folket, er det grunn til å vere skeptisk til oljesatsinga i Barentshavet. På grunn av dei særeigne skattereglane for oljenæringa risikerer AS Noreg å gå med tap på dette arktiske eventyret. Staten dekkjer 78 prosent av utgiftene til leiteboring gjennom skattefrådrag eller leiterefusjon. Og til no har petroleumsverksemda i Barentshavet etter alt å døme kosta staten meir gjennom tapte skatteinntekter og andre kostnader enn det har kasta av seg i form av petroleumsskatt.

Magert utbyte

Terje Søviknes har i teorien eit visst grunnlag for entusiasmen sin, for det finst truleg mykje olje og gass der nord. Oljedirektoratet trur at kring halvparten av dei uoppdaga olje- og gassressursane på norsk sokkel ligg under Barentshavet, eit anslag som openbert er svært usikkert. Men å finne olje og gass er ein ting. Å få til ei lønsam utvinning som gjev skatteinntekter, er noko heilt anna. Og historikken til oljeselskapa i Barentshavet er ikkje særleg god.

Barentshavet er rett nok langt mindre utforska av oljeindustrien enn Nordsjøen er, men dette havet er langt frå nokon jomfrueleg oljeprovins. Den første leitebrønnen i Barentshavet vart bora alt i 1980, og det er til no bora 107 leitebrønnar og 24 såkalla avgrensingsbrønnar i Barentshavet. Men på 37 år er berre to felt bygde ut: gassfeltet Snøhvit og oljefeltet Goliat. Og historia til desse to utbyggingane burde mane til varsemd. Det er svært kostbart å utvinne olje og gass i Barentshavet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement