Balladen om slaktebåten

Da slakteskipet «Norwegian Gannet» vart sjøsett i fjor, trudde dei fleste at båten skulle få mange vogntog vekk frå vegane.

Slaktebåten «Norwegian Gannet» har skapt strid.
Slaktebåten «Norwegian Gannet» har skapt strid.
Publisert

Skipet er spesialbygt for å hente laks rett frå merdane, slakte fisken om bord og frakte han til kontinentet. Planen var å gå til ein nybygd lakseterminal i Hirtshals med fisk frå Vestlandet. Reiarlaget Hav Line har rekna ut at «Norwegian Gannet» kan fjerne 150 vogntog frå vegane kvar veke, og Kystverket hadde gjeve 20 millionar kroner i støtte til prosjektet gjennom tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø.

Men så snart båten kom i drift, sette regjeringa ved fiskeriminister Harald T. Nesvik ned foten. Sortering av laks må skje i Noreg, kravde Nesvik: Fisk med sår eller misdanningar må ikkje sendast til utlandet, fordi det kan skade omdømmet til norsk oppdrettsnæring. Mange kommentatorar har hevda at motviljen mot «Norwegian Gannet» botnar i noko anna: Skipet kan utradere mange arbeidsplassar på brønnbåtar og lakseslakteri og dermed svekkje legitimiteten til oppdrettsnæringa i lokalsamfunna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement