Balladen om «Brent Spar»
Ordskiftet om Shell-plattformene på Brent-feltet har historisk klangbotn.
I 1995 stod striden om lastebøya «Brent Spar», som var brukt på same felt. Shell ønskte å kvitte seg med den gamle bøya, som fungerte som ein stor, flytande oljetank med bemanna dekk. Planen var å dumpe «Brent Spar» på djupt vatn vest for Skottland. Tankane inneheldt olje og anna miljøskadeleg avfall, og Greenpeace starta ein kampanje mot dumpinga og okkuperte bøya i fleire veker. Fleire regjeringar, mellom anna den tyske, protesterte mot dumpinga. Saka var svært skadeleg for omdømet til Shell, og selskapet gav etter. «Brent Spar» vart hogd opp i Noreg, og delar av bøya vart brukte til ny ferjekai i Mekjarvik.
I ettertid viste det seg at Greenpeace-anslaga over oljemengdene var sterkt overdrivne, og saka skada omdømet til Greenpeace òg. Men «Brent Spar»-kampanjen var likevel rett, meiner David Santillo i britiske Greenpeace i dag.
– Estimata våre for oljemengda i «Brent Spar» var feil, men saka var prinsipielt svært viktig, seier Santillo.
– Om Shell hadde fått dumpe den bøya, hadde det sett presedens for dumping av andre oljeinstallasjonar òg. Og om det ikkje hadde vore for «Brent Spar»-saka, ville vi ikkje fått regelen i OSPAR om at utrangerte installasjonar skal fraktast til lands. Også industrien erkjenner at desse reglane fungerer, og vi har fått ein stor industri for opphogging og resirkulering av materiale frå gamle plattformer.
På liknande vis er saka om Shell-plattformene no prinsipielt viktig, meiner Santillo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.