Balkongbønder og andre bønder

Dei største byane i Noreg legg strategiar for å dyrke mat i byen. Kan urbane og rurale bønder bygge bru mellom by og land?

Er denne grøne oasen eit stykke bygd i byen eller er det det mest urbane av alt? Parsellhagen «Herligheten» på Losæter i Bjørvika i Oslo.
Er denne grøne oasen eit stykke bygd i byen eller er det det mest urbane av alt? Parsellhagen «Herligheten» på Losæter i Bjørvika i Oslo.

Det var sjølvsagt på fjesboka eg så det. Oslo bygdekvinnelag har hatt sitt første styremøte, las eg. Eg kjende att leiaren. Ei dame med eit stort hjarte for norsk matproduksjon, med lang fartstid i eit av dei store bondesamvirka. Ei dame oppvaksen eit godt stykke frå Dagros og Rosa, på Tøyen i indre Oslo aust. Vi gler oss til å vere ein brubyggar mellom bygdefolk og byfolk, las eg vidare. Og det slo meg at det ikkje var lenge sidan eg hadde lese noko som likna.

Seinhausten 2016 såg nemleg Oslo bybondelag verdas lys, og på eittårsdagen vart det stadfesta at laget ønsker å vere ein brubyggar mellom bybønder og det tradisjonelle landbruket. Laget, som ligg under Noregs bondelag, vart forresten skipa eit drygt år etter at byrådet i Oslo hadde lagt fram si første landbruksmelding nokosinne, med vekt på dei urbane bøndene.

Urbant landbruk er ei nemning som stadig oftare summar kring oss. Ho har summa såpass lenge no, at regjeringa er i gang med å lage ein nasjonal strategi for urbant landbruk. Hovudstaden har alt ein eigen strategi på bordet, ei spire som skal vekse til ein handlingsplan og ein grønare by med fleire parsellhagar, grønsaksdyrkarar, blomeenger og bier – ein meir sosial by som er meir motstandsdyktig mot klimaendringar og ekstremvêr.

I Oslo har politikarane definert urbant landbruk som biologisk produksjon av mat og nytteprodukt i urbane omgjevnader, inkludert dyrking av planter, husdyrhald, akvakultur og birøkt. Om ikkje kvar mann får kvar si høne, slik ein tidlegare landbruksminister på humoristisk vis ønskte seg, så skal i alle fall byfolk i alle aldrar kunne få litt jord under neglene. Men kan byfolk med baken i vêret og fingrane i ei balkongkasse med chili få ei kjensle av fellesskap med bonden i ein traktor på åkeren?

Langt frå bonden

At folk driv gardsbruk i Oslo, er ikkje noko nytt. Frå mitt eige rekkehus i ein forstad ser eg åkrar, kyr og sau på beite. Eg snublar over hestemøkk på turvegane, og eit steinkast unna er det arbeidstrening og eplemostproduksjon på eit freda gardsbruk. Oslo har tradisjonell gardsdrift i Maridalen, Sørkedalen og på Bygdøy, men viktig for norsk jordbruksnæring er byen ikkje.

Tala frå Statistisk sentralbyrå seier sitt. I 2018 var det totalt 49.648 bedrifter knytte til jordbruk og vilt i Noreg. 166 av dei låg i Oslo (0,33 prosent). Alt i alt jobba 35.528 personar i næringa, i Oslo var talet 161 (0,45 prosent). Noko viktigare er hovudstaden når det kjem til mat og drikkeindustri. Av 2.989 slike bedrifter låg 253 i Oslo (7,6 prosent), og 4185 av totalt 44.268 sysselsette jobba i Oslo (9,45 prosent).

Tala fortel oss det vi alle vel veit, at storbyfolk i dag ikkje er så tett på primærnæringane. Når statistikken samstundes fortel oss at talet på gardsbruk har falle med om lag 60 prosent dei siste 30 åra, kan vi slå fast at færre byfolk har ein bestefar som er bonde. Ein kjenner ikkje lenger dei som har produsert maten ein finn i butikkhylla.

Kan urbant landbruk opplyse dei uvitande?

Frå Paris til Oslo

Trine Hvoslef-Eide er professor og leiar ved Senter for urbant landbruk ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), som opna i fjor vår. Ho seier det har vore satsa mykje på urbant landbruk i Oslo dei seinare åra, og at den aukande interessa for korleis maten blir til, er del av ein trend ein kan sjå over heile verda.

– Trur du folk som dyrkar mat i byen, også forstår matprodusentar på gardsbruk betre?

– Eg trur faktisk det. Når ein dyrkar noko av maten ein et, og oppdagar gleda og utfordringane i det, trur eg ein betre forstår bonden, og at ikkje alt ser like vakkert ut som det ein får i butikken. Grønsaker smakar godt sjølv om formene er underlege og forskjellige, seier ho.

Hvoslef-Eide trur trenden er bra, ikkje berre for byane, men for bygdene òg.

– Enkelte gartnarar har spurt meg om vi skal ta levebrødet frå dei, og gjere alt i byen. Men vi vil aldri på noko som helst vis bli sjølvforsynte med mat i byane. Vi treng meir mat i framtida, og Noreg treng å dyrke meir av eigen mat. Av omsyn til beredskap er det bra å ha kunnskap om korleis ein dyrkar maten sin. I disse koronatider er det ikkje mangel på mat, men det kan det bli ei anna krise som snur verda på hovudet.

Professoren seier behovet for meir matproduksjon i byane berre vil auke.

– I dag bur halvparten av menneska i verda i by. Om 30 år vil 70 prosent av dei bu i by. Da seier det seg sjølv at det blir krevjande for dei 30 prosentane å skaffe mat til dei 70, med dei areala som ein rår over. Av omsyn til det biologiske mangfaldet ønsker ein jo ikkje å dyrke opp meir areal, til dømes regnskogen i Brasil.

– Kan tradisjonelle bønder og bybønder bidra til å bygge bru mellom by og land?

– Det trur eg dei kan. Vi har nett søkt eit EU-prosjekt der eit av måla er å bringe det tradisjonelle landbruket saman med det urbane. Mykje av kunnskapsgrunnlaget er det same. Å finne område der dei kan samhandle, hadde vore veldig moro.

– Færre og færre byfolk har slekt og vener i landbruket og blir meir framande for matproduksjon. Andre blir bybønder. Kva for ein trend er sterkast?

– Begge delar skjer samstundes. Éin del av befolkninga går i butikken og kjøper frosen fisk og frosne grønsakar og ofrar ikkje kor maten kjem frå, ein tanke. Ein annen del er svært opptatt av opphavet. Eit slikt mangfald er typisk for samfunnet i dag. Nokre er opptatte av billig mat, andre av kvalitet. Så har vi alle dei imellom.

Empati med maten

Andreas Capjon må vere Oslos mest kjende bybonde. Han fekk tittelen då Noregs Bondelag for nokre år sidan hyra han til å dyrke økologiske grønsaker på Losæter i Bjørvika i Oslo. Sidan har kommunen teke over prosjektet på Losæter, mens Capjon held fram som bybonde i sitt eige firma Ureist. Saman med partnarar testar han ut marknadsmodellar for urbant landbruk.

Eitt av prosjekta til Capjon er på Clarion Hotel The Hub rett ved Oslo S, der det blir produsert om lag 15.000 grønteiningar per år til hotell- og restaurantgjester. Plantene blir dyrka på ein 200 kvadratmeter stor takåker og i kjellaren på hotellet. Eit anna prosjekt driv han i samarbeid med Obos, ein åker på 13 mål, der delar blir selde til privatpersonar som kan hauste av avlinga. Pengane frå eigarane går til ein gartnar. Grøne lunger skal ikkje lenger berre vere grøne, men etelege òg. Driv bybonden Capjon òg med brubygging?

– Eg er i alle fall sikker på at større avstand til mat og matproduksjon gjer at vi mistar empatien med både maten og dei som dyrkar han. I bestemorgenerasjonen var det null matsvinn, og 95 prosent hadde erfaring med å dyrke mat. No er den prosenten 5 og matsvinnet 30 prosent. Korleis ein tenker rundt mat, har med erfaring å gjere, og erfaring skaper empati. På den måten trur eg ei abstrakt bru kan bli bygd, sjølv om matproduksjon går føre seg på ein annan måte på eit storjorde enn på eit balkongjorde.

Ideologi og praksis

Reidar Almås er seniorforskar ved Ruralis, institutt for rural- og regionalforsking. Han set satsinga på bylandbruk i samband med det grøne skiftet og peiker på at klimatilpassing og kortreist mat kjem høgt på dagsordenen, på same tid som ny teknologi gjer det enklare å dyrke planter på tak. Bylandbruk er eit førebels lite, men symbolsk viktig fenomen, meiner han.

– Eg trur det er meir ideologisk enn praktisk førebels. Ein snakkar ikkje om store volum eller stor binding av CO2. Men symbolsk er det utruleg viktig for landbruksnæringa å knyte seg til og heie på landbruk i byen. Eit anna overordna bilete, ein mottrend, er den store og veksande avstanden mellom matprodusentar og forbrukarar.

– Kva for ein trend er sterkast?

– Det store fleirtalet av forbrukarar høyrer til gruppa som fjernar seg frå matproduksjonen, så her ser vi ein liten mottendens til ein stor hovudstraum som går i retning framandgjering. Bynært landbruk gjer ingen sommar. Eg trur dei fleste byforbrukarar vil gå til kjedebutikkane og handle maten der, men bylandbruk kan nok breie seg i nye bustadfelt der ein planlegg solceller og matproduksjon på taket. Ein vil sjå innovasjon og dyrking med kunstig lys og så bortetter. Folk vil kome til å gjere kommers av å dyrke i byen.

I barnehage og skule ser Almås ein faktor som er viktigare enn talet på produserte kaloriar: kunnskap om fotosyntesen.

– At planter via lys bind CO2, er en viktig kunnskap i disse klimagasstider. Her kan ein slå to fluger i eitt smekk: lære korleis sollys, vatn og planter gir mat, og på same tid bidra til eit biologisk kretslaup som bind CO2. Eg trur nye barnehage- og skulebygg kan planleggast med litt landbruk, så barna ikkje berre lærer kor mjølka kjem frå, men også kor plantene kjem frå, ved å dyrke grønsaker og kryddervekstar.

– Kan det urbane landbruket by på volum og kaloriar på sikt?

– I prosent trur eg ikkje det vil utgjere så mykje. Men om kommune og stat satsar, med støtte til grøne byggeprosjekt og skular, vil det kunne kome på storleik med økologisk produksjon. Om lag 5 prosent er ikkje utenkjeleg for ein storby som Oslo.

Omfamna av Bondelaget

Kva seier dei tradisjonelle bøndene? Organisasjonssjef i Noregs Bondelag Astrid Solberg seier dei oppretta Oslo Bybondelag fordi dei såg ei stor interesse for å lære meir om landbruk og dyrking i storbyen.

– Vi hadde òg eit pågåande engasjement på Losæter som vi syntest det var fornuftig å kanalisere til ein medlemsaktivitet, seier Solberg.

Ho seier det er fint å kunne kombinere tradisjonelt og urbant landbruk.

– Stadig færre har jo ei bestemor på landet. Det merkar vi på kompetansen på å dyrke og produsere mat. I den krisesituasjonen vi er i no, oppfattar vi at folk verkeleg forstår at vi treng matproduksjon i Noreg, seier organisasjonssjef Solberg.

Ein av dei som rekte opp handa og ville vere medlem då bybondelaget vart skipa, er ein gartnar i byen, med gardsarbeid på samvitet og interesse for sjølvberging og småskala matproduksjon, Morten Lønmo, som i dag er leiar. Han har sjølv selt eigne produkt under merkenamnet Villplukk, både ramsløkspesto og epleringar, men det vil han ikkje ha for mykje snakk om. Det er berre ein hobby, må vite. Lønmo skildrar eit lag som framleis er i støypeskeia. For kva er rolla til bybøndene samanlikna med dei tradisjonelle bøndene si rolle – dei som frå før var organiserte i Aker og Oslo lokallag?

Lokallaget er ikkje akkurat stort med sine 38 medlemmar. Og Lønmo kan fortelje at ingen medlemmer i bybondelaget per dags dato er bruksmedlemmer, det vil seie aktive bønder eller grunneigarar. I staden er dei støttemedlemmer. For tida grunnar han på kva som er definisjonen på ein bybonde.

– Ein definisjon på urbane bønder kan vere nokon som dyrkar mat for andre mot vederlag. I første omgang tenker eg vi skal vere ute etter dei, seier han.

– Kvifor ville du sjølv vere med i eit bondelag?

– Eg ville vere med på å heve kompetansen ved at folk flest får tilbod om lågterskelkurs. Vil ville vere der for dei som dyrkar urbant, og vere ein slags bru mellom by og land, seier han.

Også Lønmo trur jord under neglene gir ei betre samkjensle med andre som dyrkar mat.

– Ein får ei sterkare kjensle av kor maten kjem frå, for å seie det med ein klisjé. Eg har ikkje likt det uttrykket, for sjølv små born veit av mjølka kjem frå ei ku. Men kva inneber det å stå opp tidleg og sjå at det er for vått eller tørt til å gjere jobben sin? Det er tilbakemeldinga eg får frå folk som er med i andelslandbruk. Om dei ikkje plukkar brokkolien, blir han til ein blome. Utan å ha forsking på det, trur eg at dei som dyrkar sjølv, også får auga opp for lokalmat og er villige til å støtte norske bønder.

Moralsk forplikta

Og så har vi bydama med det store hjartet for norsk matproduksjon, ho som har jobba høgt opp i Nortura-systemet og som til dagleg er sjef i stiftinga Matmerk. Kvifor såg ho ein trong for eit bygdekvinnelag i storbyen? Fordi ho i tillegg til eit dunkande hjarte har interesse for det politiske ved matproduksjonen.

– Eg trur fleire av oss urbanistar kjenner eit ansvar med bygdene. Det er ikkje mykje matproduksjon i byane, og vi treng bygdene. Då kan vi finne ein arena der vi bygger ei bru mellom bygd og by, seier Nina Sundqvist.

Lokallaget har berre rokke å ha eitt ope møte og eitt konstituerande styremøte, og ikkje starta aktiv verving av medlemmer så langt.

– Vi vil jobbe med norsk mat og matproduksjon og sjå korleis ein kan bidra til integrering. Kanskje kan vi få fleire urbane menneske til å tenke på landbrukspolitikk?

– Kvifor treng ein å bygge bru mellom by og land, slik de skriv at de vil?

– Eg trur by- og land-dimensjonen har vore der til alle tider, og det er ikkje ukjent at han eksisterer, men det har skjedd noko dei siste tiåra. Før hadde dei fleste ei tante eller ein bestefar i bygda og vart sende dit på haustferie.

– På potetferie?

– Ja, alle disse tinga. Ein treng kunnskapsbygging, spesielt i byane, om kor viktig matproduksjonen er. Personleg vil eg legge til at vi har eit moralsk ansvar for å forsyne vårt eige folk med mat – med det vi kan produsere sjølve. Eg kjem frå Forsvaret, eg var major då eg slutta for 17 år sidan, og er opptatt av tryggleik og vernebuing. For meg er matberedskap ein del av dette. Vi er idealistar med eit litt større perspektiv.

– Kanskje kan vi få fleire urbane menneske til å tenke på landbrukspolitikk?

Nina Sundqvist, leiar i
Oslo bygdekvinnelag