Det fyrste eg gjer når eg får Dag og Tid i nevane, er å snu avisa og ta føre meg baksida. Eg byrjar med steingrunnen, deretter ser eg kva dei tre favorittane handlar om.
Eg trur det er noko menneskeleg i å vilja byrja med slutten.Så snart ein lærer å skriva namnet sitt, lærer ein å seia det baklengs. Det neste ein lærer, er at Agnes i senga vert Agnes i senga baklengs. Så lærer du nokre ord til som vert like baklengs, som reker og regninger, men det stoppar der.
Det skal gå mange år, du skal verta vaksen før du lærer at ord og setningar som vert like begge vegar, har eit namn: palindrom. Og det er ikkje noko berre born bryr seg om. Du googlar ordet, kjem inn på ei wikipediaside og er underhalden ein heil kveld.
Eit av dei lengste enkeltpalindroma me har i det norske språket, er stivkukvits. Eit samansett ord i tre delar, elleve bokstavar som gjev det same innhaldet både fram- og baklengs. Ein stivkukvits er og blir ein stivkukvits. Og me kjenner vel alle til ein slik ein?
Verdas lengste enkeltpalindrom er på finsk. Saippuakivikauppias betyr «såpeseljar». Kanskje langt, men på langt nær så saftig som stivkukvits, spør du meg. Det er ein sikker frekkis.
Så lenge ein forkler noko i å vera eit språkeleg verkemiddel, kan ein skriva nesten kva som helst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.