Arktis

Arktisk balansekunst

Arktisk råd har overlevd Putins krigføring. Vil rådet overleve Trumps skepsis til internasjonalt klima­samarbeid og ambisjon om å ta over arktiske statar?

Utanriksminister Espen Barth Eide overleverte leiarklubba i Arktisk råd til den grønlandske utanriksministeren Vivian Motzfeldt måndag denne veka.
Publisert Sist oppdatert

– Forvaltninga av Arktis har vore djupfryst under heile den kalde krigen. Internasjonale endringar gjer det no mogleg å komme vidare mot felles løysingar for å sikre miljøet og utnytte ressursane på ein forsvarleg måte, sa den islandske politikaren Geir H. Haarde til Aftenposten i november 1995.

Han snakka om Arktisk råd, som vart skipa nokre månader seinare, i mars 1996, då statsrådar frå dei åtte arktiske statane Noreg, Sverige, Danmark/Grønland, Finland, Island, Russland, Canada og USA signerte sin første avtale i Ottawa. Berlinmurens fall i 1989 og oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 markerte ein ny tidsalder. Globalt samarbeid i nord var heite saker.

I dag, 29 år etter skipinga og tre år etter den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina, er mange letta over at rådet i det heile teke eksisterer. Ja, to Arktis-forskarar skriv i High North News at den norske leiarskapen dei to siste åra har vore eit «diplomatisk kunststykke».

Noreg har leia Arktisk råd gjennom ei krise som langt frå er over.

Frykt for uttrekking

Mykje var uvanleg då utanriksminister Espen Barth Eide måndag gav leiarklubba i tre, ein utskoren hammar med hovud som ein ørn, vidare under ein seremoni i Framsenteret i Tromsø måndag denne veka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement