Reportasje
Kvalferda i Hardanger
For ti år sidan svømte nokre villfarne spekkhoggarar inn Hardangerfjorden. Sidan har dei dukka opp i mange vestlandsfjordar – til begeistring og frustrasjon.
Simon Johnsen fotograferte sin fyrste spekkhoggar i mars 2020. Sidan har det blitt nokre tusen eksponeringar.
Foto: Simon Johnsen
«Noen som har sett de?», skreiv Linn Madeleine på Facebook i slutten av april. Ho var på besøk heime i Ulvik og ville vel få eit glimt av Hardangers omsverma sjøstjerner. Ingen svarte. «Er det noen som har sett de i dag?», skreiv Sigrid dagen etter. Ingen svar då heller. Veka etter kom eit nytt innlegg, og då var det Trine: «E di blitt observert någe nylig..?»
Nei, ikkje så mykje som ein tommel opp på desse tre siste innlegga i Facebook-gruppa «Spekkhoggara i Hardanger». Då var nemleg kvalane på turné sørpå.
Facebook-gruppa i Hardanger har over 13.500 medlemmer, og talet aukar jamt. Ho er ikkje den einaste spekkhoggargruppa på Vestlandet. «Spekkhogger i Sognefjorden» er ei lukka gruppe med 2000 medlemmer, og lengst sør er «Hval i Rogaland». I mars hadde ho 2300 medlemmer, men etter spekkhoggarinvasjonen like før påske, tok det aldeles av. No er dei langt over 7000, og i førre veke kokte det i kommentarfeltet.
«Nå e det galskap. Hold avstand. Ikke jag hvalene.»
«Dette gjør meg så sykt frustrert!»
Europameister
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.