JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Parti i det blå

– Fjernar du den kristelege verdi- og motkulturen frå ein KrF-ar, får du stort sett ein høgremann, seier statsvitar Pål Bakka. – Bilete er ikkje eintydig, seier kommentator Åshild Mathisen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KrF-leiar Knut Arild Hareide vil mot venstre, men må overtyde både nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og store delar av eige parti for å kome dit.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

12358
20181005

Bakgrunn

KrF

Gjorde i fjor sitt dårlegaste stortingsval sidan krigen, med 4,2 prosent av røystene

Har delteke i alle ikkje-sosialistiske samarbeidsregjeringar etter andre verdskrig – unnateke Solberg-regjeringane

Knut Arild Hareide meiner no at partiet bør søkje regjeringsmakt med Ap og Sp, men utan SV

Dei to nestleiarane Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad er usamde og ønskjer å søkje makt med Høgre, Venstre og Frp

Held ekstraordinært landsmøte 2. november for å avgjere retningsvalet

KRF

eva@dagogtid.no

Den 55 minutt lange talen til Knut Arild Hareide er alt skriven inn i historia som eit politisk vendepunkt. Tida vil syne om han var starten på slutten for Solberg-regjeringa, starten på slutten for KrF som stortingsparti eller starten på slutten for Hareide si tid som KrF-leiar.

Rådet hans om å «undersøke muligheten for hvilket politisk gjennomslag det er mulig å få gjennom et samarbeid med KrF, Senterpartiet og Arbeiderpartiet» er både omtalt som overraskande og modig, som uttrykk for solid leiarskap, og som gambling, høgt spel og feil strategi for KrF.

At tilrådinga møter motstand internt, er lett å skjøne. KrF har aldri før søkt regjeringssamarbeid mot venstre, mange fryktar nye utmeldingar og mindre sjanse for å få gjennomslag for KrF-politikk ved å gå den vegen.

Men kvifor vert tilråding oppfatta som så overraskande?

To gonger har KrF gått til val på eit regjeringsalternativ som Erna Solberg har valt vekk. I 2013 vart det sondert i nær to veker før KrF konkluderte med ikkje å vilje gå i regjering med Høgre og Frp. I 2017 vart det forhandla i nokre dagar før partileiinga trekte same konklusjon.

KrF-leiaren har òg hatt tøffe konfrontasjonar med Frp, etter skuldingar om «å sleike» imamar oppetter ryggen og ha ansvar for at unge menneske sluttar seg til terrororganisasjonar. Og KrF har lova veljarane ikkje å gå i regjering med Frp. Dei som håpar oppslutninga og synlegheita vil auke frå det historisk låge valresultatet i fjor ved å ta regjeringsansvar likevel, finn lite hjelp i målingane til Venstre.

Kva er det som knyter KrF så tett til borgarleg side at partiet skulle ha som einaste val å gjere det det har teke aktivt avstand frå heilt til no? Kvifor skal partiet, som likar å kalle seg eit sentrumsparti, kunne samarbeide til høgresida og berre der?

Blå motkultur

KrF har ikkje alltid gått med på å definere seg som eit borgarleg parti. Før Lyng-regjeringa i 1963 var partiet endåtil skeptisk til å gå inn i ei borgarleg samarbeidsregjering. Derimot har KrF alltid definert seg som ikkje-sosialistisk.

Då partiet vart skipa i Hordaland i 1933 – i protest mot aukande sekularisering – tok det i hovudsak røyster frå Venstre og det dåverande Bondepartiet. Då det seinare vart landsdekkjande, fekk det med seg statskyrkjekristelege handels- og embetsfolk i aust. Det dei to fløyene stod saman om, var kristendomen, ikkje nødvendigvis den sosiale og økonomiske politikken.

KrF står i dag sterkast i kystfylka på Vest- og Sørlandet, som tradisjonelt har hella mot høgre politisk. Meir enn halvparten av røystene partiet fekk ved valet i fjor, kom frå dei seks fylka frå Møre og Romsdal til Aust-Agder, over 30 prosent frå Rogaland og Hordaland åleine.

Pål Bakka, som er statsvitar og fyrstebibliotekar ved Universitetet i Bergen, seier den kristelege motkulturen i dei ytre strøka på Vestlandet i hovudsak har vore blå, og at mange av høgreveljarane her har kome frå KrF-miljøet.

– Fjernar du den kristelege verdi- og motkulturen frå ein KrF-ar, får du stort sett ein høgremann, seier han.

– Det er fleire òg i vest som har teke til orde for same vegval som Hareide?

– Ja, dei finst, særleg i byane, men det er færre av dei i områda der KrF står sterkast, seier han.

Går KrF mot venstresida, trur Bakka partiet vil miste langt fleire veljarar enn det vinn i områda der det i dag står sterkast. Han ser det som lite truleg at Hareide får med seg bedehusmiljøa i vest på eit samarbeid med Ap.

– Særleg Israel-politikken til Ap er ein raud klut for mange i kjernemiljøa til KrF. Eg skjønar ikkje korleis bedehus som nyleg feira 70-årsjubileum for staten Israel, skal handtere Ap-synet i den saka, seier han.

– Finst fleire kryssingar

Ifølgje tidlegare Vårt Land-redaktør Åshild Mathisen er biletet av den blå KrF-aren likevel ikkje eintydig.

– Tidlegare var det slik at dei verdikonservative i KrF høyrde til høgresida, medan dei liberale hella mot venstresida, men i dag finst det fleire krysningar. Det synte Inger Lise Hansen alt då ho var nestleiar. Ho er verdiliberal og ville ha ny Israel-politikk og tillate homoekteskap, men ho høyrer samstundes til på høgresida. Det er det fleire unge som gjer. Samstundes har du dei som er verdikonservative, men som høyrer til venstresida fordi dei er opptekne av velferdssamfunnet og distriktspolitikken. Dei held seg for nasen framfor både sosialistar og liberale typar, seier ho.

Ho ser heller ikkje Israel-politikken som ei eintydig viktig sak for KrF i dag.

– Det er ei sterk symbolsak i delar av grunnfjellet, men Israel er ikkje nemnt i boka til Hareide, som held fast på eit breiare internasjonalt engasjement. Det vil vere aktivistar på begge sider, men eg trur ikkje det er eit uoverkomeleg spørsmål i praksis. KrF har sete i fleire regjeringar, og har endåtil hatt utanriksministeren, men partiet var aldri aktivistisk eller ekstremt i retorikken kring Israel der. KrF-leiinga vil neppe ha noko å gje dei mest konservative røystene i partiet på dette punktet.

Avstand og skepsis

Arbeidarpartiet har vore eit irritasjonsmoment for KrF gjennom åra. Mathisen seier at partiet for mange KrF-arar har ei historie som kristendomsfiendtleg, og at debattar om tema som reservasjonsrett og abortsak med venstresida skaper avstand og skepsis.

I forhandlingar med Høgre og Frp har KrF fått endra RLE-faget – for religion, livssyn og etikk – til KRLE og gjeninnført krav om at det skal innehalde minst 55 prosent kristendom, mot Ap-viljen. Ap var òg imot KrF og Solberg-regjeringas ønske om å reversere innstrammingane i reservasjonsretten for legar, noko som framleis provoserer i KrF.

I mange økonomiske og sosiale spørsmål, som alkoholpolitikk, fattigdomsnedkjemping, bistand og skattepolitikk, vert Ap og KrF derimot oppfatta som likare.

Filip Rygg, som er tidlegare KrF-politikar og no leiar den kristne tankesmia Skaperkraft, meiner det fyrst og fremst er synet på staten si rolle i samfunnet versus private initiativ som gjer at KrF-arar aldri har søkt forpliktande samarbeid med Ap.

– KrF har heilt sidan etableringa vore genuint oppteke av privat initiativ, om det no er snakk om private høgskular, friskular, ideelle organisasjonar eller valfridom for familiane. Dette er eit vesentleg ideologisk skilje mot Ap. Etter mi meining handlar ikkje avstanden om religion. Ap har hatt store rørsler i kristenarbeidet, seier han.

Kan gå begge vegar

Flest røyster ved valet i 2017 fekk KrF i Rogaland, der fylkeslaget no er splitta i spørsmålet om samarbeid. Sju ordførarar og varaordførarar har bede KrF stadfeste samarbeidet med høgresida, medan 23 andre KrF-arar i fylket har følgt opp med ei kraftig åtvaring mot å gå inn i dagens regjering, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Fylkesleiar Oddny Helen Turøy veit ikkje kvar fylkeslaget kjem til å lande.

– Tendensen i Rogaland har vore eit ønske om å gå til høgre, og i spørjeundersøkingar før valet peika fleirtalet her på Solberg som statsminister. Me no er spørsmålet om vi vil ha denne regjeringa eller ikkje. Vi står stødig i sentrum, og i utgangspunktet meiner eg at vi kan samarbeide begge vegar. Det vi har sagt tidlegare, er at det er vanskeleg med fløypartia, seier ho.

At mange tenkjer på KrF som eit parti på høgresida, forklarar ho med «gode tradisjonar for samarbeid med Høgre, Sp og Venstre» og at KrF på høgresida har fått gjennomslag for saker som er svært viktige for partiet, som «det å byggje på kristne verdiar», individualisme og større fridom for den enkelte og for familiar til å velje sjølv.

– Vi fekk gjennomslag for kontantstøtta på den sida, og kristne friskular og kristne frivillige og ideelle organisasjonar har hatt det lettare med høgresida ved makta, seier ho.

– Både kontantstøtta og friskulane overlevde åtte år med raudgrønt styre.

– Friskulane overlevde, men det var tøft for mange lokalt å måtte kjempe for desse, seier ho.

Leiar i Nye Stavanger KrF, Inge Takle Mæstad, er blant dei som har åtvara mot å gå inn i Solberg-regjeringa, og forklarar det med stor skilnad mellom KrF og «ei regjering som har tyngdepunkt for langt mot høgre» i politiske saker som fordeling, gen- og bioteknologi, landbruk, distrikt, internasjonal solidaritet, flyktningar, alkohol og sundagsopne butikkar, til dømes.

– På fleire av desse områda har vi vore med på å påverke denne regjeringa gjennom å rette opp ein del av dei verste utslaga, men resultata har, slik Hareide òg seier, teke oss frå minus til null, ikkje frå null til pluss, som er målet. Vi vil gå framover, ikkje berre syte for status quo, seier Mæstad.

– Kva gjer deg viss på at de vil kome betre ut i samarbeid med venstresida?

– Det er ikkje slik at det er full klaff i alle saker der heller. Det er mykje som skil KrF og Ap når det gjeld haldning til gen- og bioteknologi, til dømes, men i desse sakene er det Sp som er næraste allierte for oss. Lukkast vi med det som er tilrådinga frå Hareide, vert tyngdepunktet i samarbeidet inn mot sentrum. Så er det sjølvsagt òg andre saker det kan vere utfordrande å samarbeide med Ap om, men det må vi forhandle om før vi konkluderer med noko, seier han.

Uviss endring

Hareide nemnde fleire utfordrande sider ved Ap i talen førre veke, men han sa òg at Ap har moderert seg, og at dei to partia på viktige felt no står nærare kvarandre. Til og med redaktøren i den kristne avisa Dagen har konkludert med at: «Det er ikke grunnlag for å si at det gamle fiendskapet er borte. Men i våre dager er mye i forandring.»

Fylkesleiar Turøy i Rogaland deler òg den oppfatninga.

– Ja, det har endra seg. Spørsmålet er om det er partiet som har endra seg, eller berre Støre som er endringa. Det er jo eit stort parti, seier ho.

– Fryktar du avskalingar om partiet går inn for å samarbeide mot venstre?

– Eg er redd vi mistar folk same kva vi vel, men eg håpar jo flest mogleg kjem til å vere med vidare. Eg kjem til å vere med vidare uansett.

– Kvar trur du partiet har flest nye veljarar å hente?

– Det veit eg ikkje, men det som er sikkert, er at uansett kva side vi vel, må vi få tak i nye veljarar. Om ikkje, er ikkje valet om makt vits i.

Sprikjande tal

Det målingar fortel, er at fleirtalet i befolkninga ser ut til å oppfatte KrF som eit parti som høyrer til høgresida. I ei måling Kantar TNS nyleg laga for TV 2, var det berre 29,3 prosent av dei spurde som plasserte partiet på venstresida.

Nettstaden Poll of polls, som held oversikt over meiningsmålingar og valresultat, fortel at KrF det siste året både har mista og fått flest veljarar til og frå borgarleg side.

Heilt eintydige er signala frå folket derimot ikkje.

Medieundersøkinga frå i fjor synte at det er Sp som er andrevalet for flest KrF-veljarar, 35,1 prosent, medan Høgre er andrevalet for 34,4 prosent. Til jamføring er det 12,4 prosent som seier dei ville ha røysta Ap om KrF ikkje eksisterte. Samla har nær halvparten av KrF-veljarane dei to raudgrøne partia som andreval.

Ifølgje valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking mista KrF ved valet i fjor like mange veljarar til høgre som til venstre side i politikken. Det sa han til NRK denne veka. Han påpeika at det religiøse såkalla grunnfjellet til KrF hellar litt meir mot høgre enn partiet elles, men at dette grunnfjellet samstundes vert eldre og eldre og mindre og mindre for kvart val.

Verken Mathisen eller Rygg ser vekk frå at det kan vere nye veljarar å hente ved å samarbeide mot venstre. Det store spørsmålet er om Hareide får med seg partiet i å prøve.

Det er det ingen som kan seie sikkert i dag. Men det går heller ikkje an å avvise. Så eintydig ser verken partiet eller veljarane ut til å vere.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I utgangspunktet meiner eg at vi kan samarbeide begge vegar.

Oddny Helen Turøy, fylkesleiar for KrF

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis