JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

EU testar Noregs grense i nord

Striden mellom Noreg og EU om havområda utanfor Svalbard spissar seg til. Ein liten krabbe kan verte testen på kven som har rett til olje- og gassressursar på havbotnen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg står ganske åleine i tolkinga av kor langt ut i havet Svalbardtraktaten – og retten til fiske og fangst som han gjev alle dei 44 traktatlanda – gjeld.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

10405
20180202

Bakgrunn

Svalbardtraktaten

Vart inngått i Paris i 1920 og er i dag signert av 44 land

Gjev Noreg suverenitet over øygruppa, inkludert Bjørnøya og Hopen

Slår fast at borgarar frå alle traktatlanda skal ha «lik rett til fiske og jakt» i områda og territorialfarvatna rundt, at Noreg skal «håndheve, treffe eller fastsette passende forholdsregler» for å ta vare på dyre- og plantelivet i områda, og at «disse forholdsregler alltid skal anvendes likt» overfor borgarane i traktatlanda

Svalbard

eva@dagogtid.no

I midten av desember gjorde fiskeriministrane i EU eit vedtak som kunne fått større merksemd her til lands: Dei trassa det norske forbodet mot snøkrabbefangst i havområda utanfor Svalbard og gav eigne medlemsland løyve til å gje 20 båtar lisens til fangst her i 2018.

Snøkrabben vart oppdaga i Barentshavet fyrste gong i 1996, men har spreidd seg raskt og er spådd å kunne verte eit like viktig fiske i kroner og øre som torskefisket. Norske styresmakter har innført forbod mot fangst i område rundt Svalbard, men har samstundes gjeve dispensasjon frå forbodet for nokre titals norske båtar, som får fange ein kvote på 4000 tonn årleg.

Strid

Det er ikkje fyrste gong EU trassar det norske forbodet, men vedtaket frå fiskeriministrane vert ikkje mindre kontroversielt av den grunn. Ikkje berre strid det mot reguleringsretten Noreg har over ressursane gjennom både Svalbardtraktaten og Havrettskonvensjonen; vedtaket vart òg gjort medan Noreg og EU var i samtalar om fangst av snøkrabbe, og samstundes som det i norsk rettssystem går to saker mot båtar frå EU som – etter ein tidlegare autorisasjon frå EU – har drive det norske styresmakter ser som ulovleg fangst av den nye krabben.

Den eine saka i rettssystemet gjeld den litauiske båten «Juros Vilkas», som sommaren 2016 fanga 80 tonn snøkrabbe på norsk side av Smettholet i Barentshavet. Reiarlaget fekk eit førelegg på 2,5 millionar kroner, men vart sidan frifunne i Aust-Finnmark tingrett. I ettertid har både lagmannsretten og Høgsterett kome til at tingrettsdommen byggjer på feil lovverk og ikkje er gyldig. Høgsterett slo fast at Noreg, som kyststat, etter Havrettskonvensjonen åleine har rett til å utnytte naturressursane på norsk kontinentalsokkel, og «ikke er underlagt noen folkerettslig plikt til å godta snøkrabbefangst i Smutthullet fra litauisk fartøy utan norsk tillatelse». Avgjerda legg til grunn at snøkrabben er eit botndyr, ein såkalla «sedentær art», og del av sokkelen.

Det andre søksmålet ventar no dom frå Hålogaland lagmannsrett og gjeld latviske «Senator». Båten har stått på Fiskeridirektoratets svarteliste over tjuvfiskarar sidan 1998 og sette i fjor ut 2594 teiner for fangst av snøkrabbe like ved Smettholet, i den såkalla fiskevernsona rundt Svalbard, som er heimla i lov om Noregs økonomiske sone. Øst-Finnmark tingrett dømde det latviske reiarlaget og den russiske kapteinen for ulovleg tjuvfiske. Dei forsvarar seg med at det ikkje finst gode nok prov på at krabben er ein sedentær art som skal omfattast av Havrettskonvensjonen, og at fangsten uansett er omfatta av Svalbardtraktaten, som gjev borgarar frå alle traktatland lik rett til å drive næringsverksemd, jakt og fiske.

Dette siste spørsmålet er kjernen i striden mellom Noreg og EU: Kor langt ut i havet gjeld Svalbardtraktaten og likebehandlingsprinsippet? EU meiner det gjeld både på land, i territorialfarvatna som går ut til 12 nautiske mil, på kontinentalsokkelen og i fiskevernsona som strekkjer seg ut til 200 nautiske mil rundt øygruppa, ifølgje ein talsperson frå EU-kommisjonen. I tillegg meiner unionen at Svalbard har sin eigen kontinentalsokkel og si eiga økonomiske sone.

Norske styresmakter ser kontinentalsokkelen rundt Svalbard som norsk og meiner Svalbardtraktaten og prinsippet om likebehandling mellom traktatlanda gjeld på land og i territorialfarvatna, men ikkje i fiskevernsona utanfor 12 nautiske mil rundt land.

Legg vi det norske synet til grunn, har EU brote inn i suverene rettar og norsk område ved å gje snøkrabbelisensar. Kvifor er det ikkje då meir bråk om saka?

Traktatbrot

Kan hende har det å gjere med at Noreg står ganske åleine i tolkinga av kvar Svalbardtraktaten gjeld og ikkje.

Til liks med EU har USA, Storbritannia og Russland òg reservert seg eller gått imot synet om at traktaten berre gjeld i territorialfarvatna ut til 12 nautiske mil.

Per Arne Totland har skrive bok om Svalbards politiske historie. Han seier norsk svalbardpolitikk går føre seg bak lukka dører og ber preg av at Noreg ønskjer så lågt konfliktnivå som mogleg.

Sjølv om norske styresmakter i prinsippet hevdar retten til å kunne forby andre nasjonar å fiske i den såkalla fiskevernsona, ut til 200 nautiske mil, vert det ikkje forskjellsbehandla mellom traktatland her. Høve til å fiske i sona er fastsett på grunnlag av kven som tradisjonelt har fiska der, og båtar frå Noreg, Russland, Canada, EU, Færøyane, Grønland og Island har i dag kvotar til å fiske.

For å løyse striden om krabben på havbotnen har Noreg tilbydd EU å forhandle kvotebyte mot andre fiskeriressursar. Det skjedde seinast i samband med dei årlege fiskeriforhandlingane i november og desember, ifølgje statssekretær Veronica Pedersen Åsheim (Frp) i Nærings- og fiskeridepartementet.

Kvotebyte er derimot avvist av EU.

– Det var inga interesse for tilbodet ettersom EU ikkje ser behov for å kompensere Noreg for å utøve retten til å fiske etter snøkrabbe i Svalbard-området, seier ein talsperson for EU-kommisjonen til Dag og Tid.

Ved å opna for krabbefangst for EU-båtar bryt EU derimot sjølv med Svalbardtraktaten. Noregs suverenitet over Svalbard er ikkje omstridd og gjev Noreg einekompetanse til å regulere fiske og fangst i områda traktaten gjeld. Spørsmålet er såleis ikkje kven som skal regulere og forvalte fangsten, men om Noreg har einerett til ressursane eller må likehandsame andre traktatland.

EU-kommisjonen meiner det er uakseptabelt og eit brot på Svalbardtraktaten når Noreg forskjellsbehandlar og gjev eigne båtar løyve til eit fiske andre nasjonar ikkje får. Snøkrabbeløyva frå EU vert frå kommisjonen si side forklart som «eit nødvendig internt tiltak» for å regulere utnyttinga av fiskerettane EU-båtar har etter Svalbardtraktaten, ifølgje talspersonen for EU-kommisjonen.

Starten på noko større

Totland seier at både EU og medlemslanda som sender båtar for å fiske etter snøkrabbe, er fullt klare over at dei provoserer Noreg.

– Dei provoserer med opne auge, og grunnen er nok at dette er starten på ein strid om regimet for olje og gass på svalbardsokkelen, seier han.

Sidan snøkrabben er å rekne som del av kontinentalsokkelen, vil reglane som gjeld for krabben i området rundt Svalbard, òg gjelde ressursar som olje og gass i same område.

Noreg har i to av dei siste konsesjonsrundane for leitelisensar på norsk sokkel inkludert felt som ligg innanfor områda andre traktatland meiner fell innunder Svalbardtraktaten. Russland har offisielt protestert mot tildelingane.

Totland ser snøkrabbelisensane frå EU som ei tilspissing av striden.

– Eg vert ikkje overraska om 2018 vert året spørsmålet om Svalbardtraktaten vert teke inn for den internasjonale domstolen i Haag. Kva som vert utfallet der, trur eg er ganske ope, seier han.

– Kvifor vel norske styresmakter å opne for oljeleiting og berre gje eigne båtar dispensasjon frå forbodet mot snøkrabbefangst når dei veit at saka er omstridd?

– Det er dette som er det vanskelege med svalbardpolitikken: å finne rett balanse. Dei må gå varsamt fram for ikkje å provosere, samstundes som dei òg må syne at dei har tru på eigen posisjon. Å utlyse oljelisensar vil nokon sjå som ein provokasjon, andre som ei sterk norsk markering.

Norsk reaksjon

Frå Latvia og Litauen er det alt trua med å ta saka til ein internasjonal domstol. Under ein plenumsdebatt om snøkrabben i EU-parlamentet nyleg, opna den polske representanten Jaroslaw Walesa for det same, om ikkje striden med Noreg vert løyst snart.

Den norske regjeringa har registrert at saka har vore drøfta i EU-parlamentet, men har ingen kommentarar til debatten eller spørsmålet om internasjonal domstol, ifølgje statssekretær Åsheim i Nærings- og fiskeridepartementet.

– Frå norsk side meiner vi at vi har gode rettslege argument i denne saka, men det vil ikkje vere opp til Noreg å avgjere om saka hamnar der eller ikkje, seier ho.

Noreg har reagert på EUs snøkrabbelisensar med å «avslutte alle konsultasjoner om snøkrabbe», ifølgje Åsheim. I tillegg har Utanriksdepartementet i brev til EU understreka at Noreg kjem til å halde fram med å handheve dei norske reguleringane og arrestere EU-båtar som fiskar etter snøkrabbe i området rundt Svalbard.

Kan gå begge vegar

Geir Ulfstein, som er professor i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, seier det er domstolen i Haag som er den mest aktuelle dersom saka skal opp for ein internasjonal domstol.

EU sjølv er ikkje part i Svalbardtraktaten, så det er eitt eller fleire av EU-medlemslanda som teknisk sett må ta Noreg til Haag.

Det er ikkje gjeve kva utfallet av ei slik sak kan verte, ifølgje Ulfstein.

– Her kan det argumenterast godt for begge syn, så det er uvisst kva domstolen vil kome til, seier han.

Havrettsekspert Øystein Jensen ved Fridtjof Nansens Institutt ser det likeins. Han seier at erfaring viser at ein stat sjeldan vinn på alle punkt i domstolen.

– Oppgåva til domstolen er å finne ei løysing basert på jussen, men dette gjev seg ofte utslag i minnelege løysingar. Her vil eg ikkje tru det talar til EUs fordel at dei har dura på og gjeve lisensar i det som er norsk jurisdiksjon, for det er eit grovt overtramp av retten. Eg skjønar faktisk ikkje heilt korleis EU har nådd fram til denne konklusjonen, for juridisk er det eit langt sprang, seier han.

Totland seier at domstolane tradisjonelt er tilbakehaldne med å tolke folkerettslege tekstar utvidande. Vert Svalbardtraktaten tolka etter ordlyden, kan det vere til fordel for Noreg.

– Samstundes skal vi ikkje sjå vekk frå at tyngdelova gjeld i Haag-domstolen òg, og at det kan slå negativt ut for Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vert ikkje overraska om 2018 vert året spørsmålet om Svalbardtraktaten vert teke inn for den internasjonale dom-
stolen i Haag.

Per Arne Totland, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis