Både liding og økonomiske tap
Sår på fisken er eit stort problem for havbruksnæringa, skriv Henrik Stenwig i Sjømat Norge. Han understrekar at all industriell matproduksjon har utfordringar når det gjeld dyrevelferd.
peranders@dagogtid.no
Vintersår påfører oppdrettarane store økonomiske tap: minst åtte milliardar kroner årleg, hevda konsulent og bransjekjennar John Harald Pettersen overfor Intrafish 22. juni. Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge har ytra seg i media om vintersår berre éin gong. Det skjedde like etter ei NRK-sak 4. juli i år om ein mann som hadde kjøpt eit stykke røykjelaks på Rema og oppdaga vintersår på skinnsida. To dagar etter sende Sjømat Norge ut ei pressemelding med tittelen «Nye vaksiner kan bidra mot sår i oppdrettslaks».
Ser Sjømat Norge først og fremst på vintersår som eit fiskevelferdsproblem eller som eit omdømeproblem? Vi spurde Henrik Stenwig, direktør for helse og miljø.
«Vi ser det som et fiskevelferdsproblem», svarer Stenwig på e-post.
– Tala for nedklassing og død fisk tyder på at eit tital millionar oppdrettslaks utviklar vintersår årleg. Er det akseptabelt at så mykje fisk går med opne sår i merdane, slik Sjømat Norge ser det?
«Som Sjømat Norge adresserte i sommer er vi urolig for den økende mengden sårforekomster i havbruksnæringen. Sårutfordringer er et stort problem. Først og fremst fordi det medfører lidelse hos fisken, men også økonomisk på grunn av tap av fisk og nedklassifisering av slakt. Det arbeides systematisk for å redusere omfanget», skriv Stenwig. Han føyer til: «All industriell matproduksjon har utfordringer med tanke på ivaretakelse av dyrehelse og dyrevelferd. Sykdom og uforutsette hendelser kan oppstå, og for både fisk og landdyr ligger dødeligheten i intervallet 10–17 prosent.»
– Dyrevelferdlova seier: «Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger.» Er det tilfelle i oppdrettsnæringa i dag?
«På generelt grunnlag er svaret ja, men det er tilfeller der velferdshensynet ikke er ivaretatt godt.»
– Ei viktig årsak til at vintersår aukar, er mekanisk lusebehandling. Er dagens metodar for avlusing etisk akseptable?
«Hovedårsaken til sår er infeksjoner, men symptomene kan forverres ved lusebehandling. Hoveddriveren til lusebehandling er av hensyn til villaksen. Spørsmålet er om de negative effektene av de enkelte behandlingene er innenfor det akseptable, og i noen tilfeller er de ikke det selv om metodene er godkjente av myndighetene», skriv Henrik Stenwig i Sjømat Norge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?