Avkristninga av Kristeleg Folkeparti

Kristeleg Folkeparti freistar å løyna dei viktigaste og mest særprega sakene sine, som om dei trur at dei vil tapa på å stå fram med ein klår profil.

Publisert Sist oppdatert

Til no i valkampen verkar det som om mest alle parti nyttar det same reklamebyrået og fylgjer det same rådet: Vis fram partileiaren, men skjul politikken. Til naud kan du løyna begge delar, slik som Høgre, der heile leiarskapen sit musestill i von om at valkampen snart skal gå over, medan den største og mest vellukka saka til Arbeidarpartiet er Stoltenberg som taxisjåfør.

Det skaper inntrykk av at den verkeleg store saka for politikarane er å verta vald, og helst av alle, og at dei trur dette vert best oppnådd ved ikkje å støyta nokon. Ein får ei kjensle av at partia leikar gøymsle med veljarane.

Men når dei politiske sakene som profilerer eit parti vert haldne på innerlomma, vert politikken til eit reality-program der alt som tel, er kven ein likar fjeset på eller ikkje. Men mange synest å tru at andletet vert best lika om ein står fram andletslaus.

Dette frieriet til majoriteten er mest uheldig for idépartia, som har eksistensretten sin knytt til klåre standpunkt hos ein minoritet. Uklår tale for å koma i posisjon undergrev truverdet, og for idépartia er truverdet alt.

Støyter på grensene

Ta til dømes eit verdikonservativt parti som Kristeleg Folkeparti, som i åtti år har kjempa mot historias gang med vekslande hell. Dei kunne kanskje endeleg profittera på å halda fram med å tala tidsånda midt imot. For på fleire område kan det vera at kultur-radikalismen no støyter på grensene sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement