Av folket, for folket

Arbeidarpartiet kan framleis leie kampen mot eit nytt klassesamfunn, meiner Jonas Bals. Men utan arbeidarar går det ikkje.

Arbeidarpartiet må rekruttere breiare om partiet skal vinne attende oppslutnaden, meiner Jonas Bals.
Arbeidarpartiet må rekruttere breiare om partiet skal vinne attende oppslutnaden, meiner Jonas Bals.
Publisert

Jonas Bals kjem ut av folkemengda for å møte meg, og møtestaden er høveleg: Youngstorget i Oslo, der det er ei støttemarkering for vektarane som har streika sidan 16. september. Frå talarstolen har Brede Edvardsen, nestleiar i Norsk Arbeidsmandsforbund, nett sagt: «Grunnpilaren i norsk arbeidsliv er faste stillingar med ei løn ein kan leve av.»

Det er noko av dette eg skal snakke med Bals om. I dagens Noreg kan Hurtigruten betale sine filippinske tilsette 29 kroner i timen, medan toppsjefen tener 14,5 millionar i året. Talet på milliardærar og lausarbeidarar aukar, regjeringa kuttar vidare i formuesskatten, og dei økonomiske skilnadene veks. Samtidig når Arbeidarpartiet stadig nye lågmål i oppslutnad. Dette er underleg, og Jonas Bals er godt kvalifisert for å meine noko om saka. Han er rådgjevar i LO og vararepresentant til Stortinget for Oslo Ap, er fagutdanna målar og har studert historie. Han har òg vore rådgjevar for Ap-leiar Jonas Gahr Støre og var medforfattar av Støre-boka I bevegelse frå 2014.

Bøygd rygg

Bals er ingen mektig person verken i Ap eller i LO, men han er ein av dei som skriv skarpast om framveksten av eit nytt klassesamfunn. I ein artikkel i Klassekampen i fjor nytta han eit slåande bilete på utviklinga: I det nye Nasjonalmuseet er det åtte meter under taket i utstillingslokala. I den tekniske etasjen, der teknisk personell skal arbeide med drift og vedlikehald, er det 1,65 meter under taket. Og da den tillitsvalde elektrikaren Kristine J. Wendt fortalde ein journalist om dette, fekk ho ei skriftleg åtvaring frå arbeidsgjevaren.

– Nasjonalmuseet er eit godt bilete på vår tid. Publikum skal nyte den nasjonale kunstarven i luftige lokale med åtte meters takhøgd, og nede i den tekniske etasjen må arbeidarane gå rundt krokrygga. For arbeidsfolk har det vore ein lang kamp for å kunne gå med rak rygg, og no går dette i revers, seier Bals.

– Det skjer ei alvorleg maktforskyving i arbeidslivet i Noreg no. Og det er berre eitt svar på dette, og det er organisering. Men vi veit at fagrørsla ikkje kan stå imot åleine. Politikarane må bidra til å skape eit arbeidsliv som det er mogleg å organisere seg i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement